Instrument

Gitar

Gitar

Gitaren slik me kjenner den kjem opphavleg frå Spania. Gitaren er eit strengeinstrument laga av tre. Gitaren er samansett av ei ljodkasse med hol, ein stol der strengane er festa og ein hals med band. Kassa ( eller kroppen ) på gitaren er vanlegvis laga av nåletre som gran eller seder, medan hals, sarg og botn er laga av ulike typar harde tresortar som lønn rosentre eller mahogni. Gitaren har til vanleg 6 strengar, men kan òg ha 6, 8 eller 12 strengar. Gitaren nyttast innan mange ulike musikkformer, som visesong, pop, rock og klassisk.

1374__sleep__90-bpm-nylon

Slagverk / Trommesett

Eit trommesett er ei samling trommer, cymbalar og eventuelle andre perkusjonsinstrument som er sett opp for å bli spelt av ein enkelt musikar.

drumsound

Torader

Nytt bilde

Toraderen kan ved første øyekast se ut som et lite trekkspill, men det er ganske store forskjeller mellom de to instrumentene. En torader har to ulike toner på hver knapp, én tone når man drar belgen ut og én tone når man skyver belgen inn. Toraderen er diatonisk stemt, det vil si at man bare har toner i en bestemt skala eller dur på toraderen.  Derfor kalles toraderen også ofte for durspill. Man kan få toradere stemt i ulik dur, for eksempel GC og AD som er mest brukt, men også EA, CF og noen sjeldne i HE. Fra rundt 1860 ble det vanlig med torader i Norge, og den er mye brukt til folkemusikk og gammeldans. Men toraderen passer også godt i andre sjangere. Toraderen passer både til solospill og samspill. At en torader er diatonisk stemt medfører at den egner seg godt til spill etter gehør . Spill etter noter er selvsagt også mulig på torader, men det er ikke så vanlig.

Ved å følge denne linken kan du se og høre et av Norges mest kjente toraderorkestere, Jutullaget fra Vågå, spille en reinlender:

http://www.youtube.com/watch?v=Oxc7zpHEG70

Trekkspill

Nytt bilde (1)

Trekkspillet er en videreutvikling av toraderen, og det første trekkspillet ble laget i 1910. Den viktigste forskjell mellom torader og trekkspill er at trekkspillet er kromatisk stemt, det vil si at det ikke er noen begrensninger i toneart eller dur og moll på et trekkspill. Her kan man velge mellom hele skalaen på ett spill. Til gjengjeld har man bare én tone per knapp, ikke to som på toraderen. Trekkspillet finnes i et utall varianter, med knapper eller tangenter, melodibass eller standardbass. Trekkspillet kalles også accordeon dersom man har et spill med melodibass. Det vil si at du kan spille melodi også på bassen. Trekkspillet er et instrument som kan bli brukt i mange sammenhenger og i alle musikalske sjangere. Med dette instrumentet kan man spille alt fra klassisk musikk, folkemusikk og gammeldans til moderne underholdningsmusikk. Trekkspillet passer både til solospill og samspill.

To av Norges mest kjente trekkspillere i dag heter Stian Carstensen og Odd Nordstoga. Ved å følge denne linken kan du se og høre Stian Carstensen spille en tango på sitt trekkspill:

http://www.youtube.com/watch?v=-MjIHMmGGaA

 Tverrfløyte

Tverrfløyta fikk navnet fordi den holdes til siden. Lyd lages ved at man blåser over blåsehullet slik at lufta treffer hullets motstående kant.  – På samme måte kan man spille på ei flaske. Ulike toner får man ved å trykke ned klaffene. Tverrfløyta tilhører treblåserfamilien fordi den opprinnelig var laget av tre. Nå lages fløyter av ulike metaller. De rimeligste fløytene er laget av en sølvfarget kobberlegering. De dyreste er gjerne av ekte sølv, gull eller platina.
Tverrfløyta blir blant annet brukt i janitsjarkorps og i symfoniorkester, og kan spille all slags musikk.

tverrfløyte

 Klarinett

Klarinett er eit treblåsarinstrument. Klarinetten ble til på 1700-talet, og lyden vert til ved at ei flis som er montert på munnstykket byrjar vibrera når me blåser. Klarinetten vert mest nytta i janitsjarkorps, symfoniorkester, men òg innan jazz.

 Saksofon

Saksofonen er eit treblåsarinstrument, men vert i dag for det meste laga av messing. Lyden vert til ved at ei flis som er montert på munnstykket byrjar å vibrera når me blåser.Saksofonen vert mest nytta i janitsjarkorps og  storband, men vert òg nytta mykje innan pop, rock, blues og jazz.Dei mest vanlege saksofonane er sopran, alt, tenor og barytonsaksofon.Saksofonen vart funne opp i 1844 av belgiaren Adolphe Sax.

Kornett

Kornett er eit messingblåsarinstrument som liknar mykje på ein trompet. Klangen er noko rundare og varmare enn i ein trompet. Alle messingblåsarinstrument er ei vidareutvikling av den gamle signaltrompeten, men etter kvart vart fann ein ut at ein kunne bøye røret for å få instrumentet mindre, leggja til bøylar, klaffar og ventilar for å kunne spela fleire tonar. Kornetten vert mest nytta i korps og musikklag med brassbesetning, men vert òg nytta i til dømes jazz.

Trompet

Trompeten er eit messingblåsarinstrument. Trompeten er ei vidareutvikling av dei gamle signalinstrumenta som ikkje hadde ventilar. Frå 1800-talet byrja dei å montera bøylar og ventilar / klaffar på trompeten slik at ein kunne spela fleire tonar. Ein trompet har i dag 3 ventilar, men nokre piccolotrompetar kan ha 4.Trompeten vert nytta i korps og musikklag, symfoniorkester, og har ofte ei viktig rolle i ulike typar jazz.

 Althorn

Althornet er eit messingblåsarinstrument med 3 ventilar. Det ser ut som ein liten tuba, og oppstod i Austerrike på 1830-talet. Althornet vert mest nytta i brassband og skulekorps.

Valthorn

Valthornet er eit messingblåsarinstrument. Det har fått namnet sitt etter det tyske

” Waldhorn ” ( skogshorn ) Valthornet er ei vidareutvikling frå dei ventillause signal- og posthorna. Instrumentet kan ha frå 3-6 ventilar, og er til vanleg 2,7 – 3,7 m med røyr som er” rulla ” saman.Ved å føra handa inn i sjallstykket ( instrumentets største opning ) kan ein endra klangfargen til instrumentet. Vert mest nytta i janitsjarkorps og symfoniorkester.

Trombone

Trombonen er eit messingblåsarinstrument. Instrumentet har ein ” slide ” ( eller bøyle ) som ein kan dra ut og inn slik at ein kan spela ulike tonar. ( i motsetnad til alle dei andre messingblåsarane som har ventilar ) Nokre trombonar kan ha ein ventil, kalla ” kvartventil.” Trombonen vert nytta i korps og musikklag, symfoniorkesteret, og har ein sentral plass i storband og jazz.

Baryton

Barytonen er eit messingblåsarinstrument. Vert òg kalla ” eufonium. ” ( engelsk ) Instrumentet har 3 – 4 ventilar, og ser ut som ein liten tuba. ( men er større enn althornet) Barytonen har ein varm og fyldig klang, og vert mest nytta i korps og musikklag.

Tuba

Tubaen er det største av alle messingblåsarinstrumenta, og er det som klinger djupast.  (Eit anna namn for tuba er ” bass.”) Tubaen vart oppfunne i 1840, og er eit av instrumenta som sist fekk plass i symfoniorkesteret. Tubaen har 3 – 4 ventilar, og vert aller mest nytta i korps og musikklag.

 

El.gitar

El.gitaren er som regel laga av tre eller plast. Den liknar på ein vanleg gitar ( akustisk ), men er utan klangrom. ( om ein el.gitar har klangrom, kallast den halvakustisk ) El.gitaren treng ein forsterkar for å forsterka lyden, samt gje gitaren ulike lydar / uttrykk. El.gitaren vert nytta i nær sagt alle typar populærmusikk.

El.bass

El.bass, også kalla bassgitar, ser ut som ein lang el.gitar, men med tjukkare og færre strengar. ( 4 strengar ) Bassgitaren fekk si noverande form på 1930-talet, men vart fyrst masseprodusert i frå 1951. Instrumentet treng som el.gitaren ein forsterkar får å forsterka lyden. Vert nytta i nær sagt all slags populærmusikk.

Keyboard

Instr.bilder13 021

Keyboard er eit tangentinstrument. Ofte nytta som ” samleomgrep ” på alle typar elektroniske tangentinstrument, men tyder som regel eit elektronisk tangentinstrument med mange førehandslagra lydar, rytmar og har innebygde høgtalarar. Vert nytta i nær sagt all slags populærmusikk.

El.orgel

El.orgelet var svært populært fram til 1970-80 talet., men er no meir eller mindre ” utrydda ” til fordel for keyboardet. Nytta i alle typar populærmusikk.

Piano

Instr.bilder13 026

Piano er vanleg kortform for ” pianoforte ”, eit stort musikkinstrument med klaviatur. Lyden i pianoet vert laga av strengar strekt i eit stivt rammeverk. Desse vibrerar når dei vert slått på av hamrar påført filt, som vert aktivert når me trykker på tangentane i klaviatururet. Det er komponert mykje musikk for piano innan den klassiske musikken. Vert nytta som soloinstrument, som akkompagnement, og elles i alle typar populærmusikk.

Song

Song er musikk laga av stemma ; Det å syngja. Kan hende verdas eldste instrument ?

Blokkfløyte

Instr.bilder13 023

Blokkfløyta er eit treblåsarinstrument. Den har fått namnet sitt på grunn av ein plugg( blokk) som sit inne i eit hol i munnstykket. Blokkfløyta er til vanleg laga i tre eller plast. Norske variantar av fløyta er tussefløyte og sjøfløyte som begge vert nytta i folkemusikksamanheng.

Visuell kunst

Visuell kunst, eller ” biletkunst ” er eit samleomgrep for dei biletskapande, visuelle kunstartane. Biletkunsten omfattar tradisjonelt særleg malarkunst, teiknekunst, grafikk, skulptur og biletvev, men også nyare uttrykk som fotografi, film, video- og datakunst m.m.

 Drama

Kvart år dramatiserer dramagruppa ei kjend historie eller ei historie som me har pønska ut sjølve. Prosjektet har mange forskjellige delar. Nokon gongar arbeider me med filmteknikkar for å lage videosnuttar som me kan bruke under framsyninga. Me treng ungar som har lyst til å arbeida med song og dans, for dramatiseringa vert støtta av fengslande songar. Men om du  berre vil spela teater, har me plass til deg òg ;  Det er mange fargerike rollar utan song og dans i kvart prosjekt ! I undervisninga nyttar me også tid på teaterøvingar og teatersport, slik at du vert sjølvsikker på scena. Bak kulissane treng me òg folk, så sceneskrekk er ikkje ei unnskyldning for at du ikkje melder deg på.

Kort sagt: Likar du dans, song, filmteknikk eller  spela teater ? Eller vil du heller arbeida med lljos, lyd og rekvisittar ? Meld deg på, for dramagruppa har bruk for alle motiverte spelarar og medhjelparar.