Om skulen

Omtale

Ullensvang musikkskule vart stifta i 1978. Skuleåret 2017 – 2018 er det om lag 130 elevar i musikkskulen. Musikkskulen har i dag 13 tilsette, dei fleste i mindre stillingar.
Ullensvang musikkskule tilbyr  profesjonell undervisning til elevane innan alle tilboda våre. Me har godt kvalifiserte lærarar innan alle disiplinar. Musikkskulen sel òg timar til korpsa i heradet.

Målsetjing

Ullensvang musikkskule er ein lovpålagd skule etter § 13-6 i Opplæringslova.
Ullensvang musikkskule har som mål ;

  • å gje den einskilde elev best mogleg høve til å utvikla sine musikalske og kunstnariske evner og anlegg
  • å gje ei ålmenn og praktisk musikk og kunstopplæring, individuelt eller i grupper og lag
  • å ta vare på og bera vidare lokale musikk- og kunsttradisjonar

Generelle føresegner

Undervisninga i musikkskulen er i prinsippet open for alle, men born / ungdom i grunnskulealder har førerett framfor eldre / yngre.
Elevane sitt første halvår i musikkskulen vert rekna som prøvetid.
Undervisninga bør desentraliserast så langt det er praktisk mogleg, og økonomisk og pedagogisk forsvarleg.
Elevane plikter å fylgja skulane sine ordensreglar.
Elevpengar skal betalast på forskot ved byrjinga av kvart skulehalvår. ( sept. / jan.)
Musikkskulen skal skipa til elevkveldar og andre tilstellingar.

Administrasjon

Ullensvang musikkskule ligg under fellestenestene i Ullensvang herad og er ikkje ei eiga eining.

Sjå og: tilsette i Ullensvang musikkskule

Undervisning

Ullensvang musikkskule har undervisning på alle skulane i heradet, i Krossvol samt i gamleskulen på Utne.
Ein undervisningstime i musikkskulen er eigentleg 22,5 min, men me gjev 25 minutt. Dette for å kunne dekkja opp for avlyste timar i samband med kurs, sjukdom etc. der me ikkje får tak i vikar. Det kan krevjast avslag i elevpengane om det vert meir enn 4 avlyste timar i løpet av eit skuleår. Musikkskulen følgjer grunnskulens skuleår.

Førebuande opplæring

For to år sidan opna me opp for at elevar som byrjar i 2. klasse om hausten kan søkja seg rett på ein disiplin / instrument.

Me anbefalar likevel at elevane tar førebuande opplæring fyrst, eit tilbod som er meint som eit » modningsår.» Her får ein læra seg litt om notar, rytmar, ulike instrument, dans / bevegelse til musikk m.m. Ein kan fint vera med på både førebuande opplæring og ein annan disiplin / instrument samstundes.

Betaling

Det kostar kr. 1415,- pr. halvår å gå i Ullensvang musikkskule. Dette gjeld individuell opplæring, drama ( austsida ), visuell kunst ( vestsida ) og grupper under 5 elevar.

For elevar på førebuande opplæring og grupper over 5 elevar ( musikk ) kostar det kr 1.415,- for heile skuleåret.

I tillegg kjem kostnadar til materiell, slik som notar, blokkfløyte på førebuande opplæring m.m.

Musikkskulen gjev syskenrabatt på 50 og 75 %.

Leige av instrument

Ullensvang musikkskule set som vilkår at elevane har instrument sjølve som dei kan øva på heime. Musikkskulen har nokre instrument til utleige, men hovudregelen er at elevane har instrument sjølve. Pris for å leiga instrument hjå musikkskulen er kr 100,- pr halvår.
Dei som leiger instrument / utstyr pliktar å erstatta tap eller skade.

Tildeling og oppseiing av elevplass i musikkskulen

Hovudopptaket i Ullensvang musikkskule skjer i mai, men ein kan søkja heile året.
Påmeldinga er bindande for eit heilt semester, og ein må betala for heile semesteret sjølv om ein sluttar tidlegare. Oppseiing av elevplassen må skje skriftleg.

Frist for å seia opp plassen sin for neste skuleår er 15. mai.