Kinsarvik kyrkje

Kinsarvik kyrkje

Historie
Steinkyrkja i Kinsarvik vart bygd kring 1150 – 1160. Det er i eine glasopninga funne årstalet 1186, men dette viser ikkje i dag.

Under den noverande steinkyrkja er det funne rester etter det som må vera den eldste trekyrkja i Hardanger. Under arkeologiske utgravingar vart det attmed berestolpane funne myntar som stadfestar byggjetida av trekyrkja til omlag 1050, altså i kong Harald Sigurdson si tid. Truleg har trekyrkja vorte for liten og byggjemåten har gjort ho vansleleg å halda ved like, og den nye steinkyrkja vart bygd omlag 100 år seinare. Steinkyrkja har truleg vorte bygd rundt trekyrkja medan ho endå stod.Ei segn fortel at det var skottar som bygde kyrkja. Dei hadde med seg ein modell av ei kyrkje som no står i Historisk Museum i Bergen. Kopi av modellen står i dag over koropninga i kyrkja.

Utsjånad

Kyrkja er bygd i engelsk-romansk stil med rundboga dør- og vindaugsopningar, og er ei av dei eldste av denne typen. Ein del av dei ornamenterte steinane må likevel vera eldre enn denne kyrkja, og kan vera hogde for ei anna og eldre kyrkje. Murane er i vestgavlen 1,8 m breie, og elles i skipet er dei 1,4 m breie. Dei er av naturstein lagd i kalk, men med alle hjørne i hoggen kleberstein.

Granskingar syner at det har vore brann i kyrkja – kanskje omkring 1180 då birkebeinarane herja i Hordaland. Kyrkja vart opphavleg bygd utan kor, og koret vart bygd etter brannen, truleg tidleg på 1200-talet.

Kinsarvik kyrkje har vore fylkes- eller fjordingskyrkje for Hardanger. Høgt oppe på vestgavlen er ei stor dør- og vindaugsopning som fører inn til kyrkjeloftet. Det er truleg her dei har heist inn skipsutstyret. Etter Gulatingslova skulle segl og anna utstyr til leidangsskipet vera i kyrkja.

Restaurering
Opp igjennom åra har kyrkja vore gjennom ulike endringar og restaureringar, både kva gjeld inventar og interiør. Mykje har vorte forandra, for seinare å førast tilbake til tidlegare periodar. Siste store restaurering vart gjennomført i 1959. Konservator Ola Seter ved Riksantikvaren fekk då fram det som var att av dei gamle veggmålingane. Arkitektane Håkon Christie og Peter Helland-Hansen laga restaureringsplan for innlegging av elektrisitet og plassering av orgelet, som orgelbyggjar Ott laga. Interiøret skulle førast attende til før 1880, og det skulle byggjast nytt våpenhus. Kyrkjemålar Johs. Rørvik og Odd Helland ved Riksantikvaren har utført arbeidet med fargerestaureringa.

Kyrkja i dag
Kinsarvik sokneråd kjøpte i 1981 inn 10 ljosekruner frå Høvik lys. Etter restaureringa er det kome fleire pengegåver til kyrkja. I 1985 vart det kjøpt inn 2 blomeurner i keramikk med form som ein prest i kjortel. I 1990 vart det kjøpt inn ein stor ljosestake i keramikk. Alt er laga av keramikar Bjørn Br. Pedersen i Humlagarden Pottemakerverkstad i Norheimsund.

Ei gåve skulle nyttast til å pynta opp i vindaugsnisja på austveggen. Her heng i dag eit bilete av Maria og barnet, laga av den lokale kunstnaren Dagfinn Instanes. Han har også laga måla trestykke som heng over biletveven.

Kinsarvik kyrkje har også ei særmerkt offerskål og fot. Denne er laga av epletre, teikna og dekorert av Gunnar Bjotveit og dreia av Torkel Trones.

Det har vore fleire alterdukar i kyrkja. Den fyrste me har historie om er ein orientalsk alterduk i silke og lin. Den er truleg frå tidleg på 1600-talet. Amalia Andrea Kjærland sydde ny alterduk i lerret med filetert bord. Før krigen vart det sydd ny duk i hardangersaum på dugnad av kvinner i bygda. Kari Kjetland har laga den alterduken som ligg på alteret i dag og den vart lagd på jola 1998.

Teppet som ligg i midtgangen i kyrkja er gjeven av Kinsarvik bondekvinnelag og voven av kvinner i bygda. Den er laga i lin renning og ull innslag.

Antal sitjeplassar i kyrka er 240.

Teksten over er utdrag frå faldaren om Kinsarvik kyrkje. Faldaren kan kjøpast ved turistinformasjonen, kyrkjekontoret og i kyrkja.