Ullensvang kyrkje

Historie
Ullensvang er namn etter guden Ullin, som ein meiner var gud for vokster og grøde. Ullin tyder den heilage eller himmelguden, og var gudekongen før Odin si tid. Ullensvang er såleis eit gamalt namn. Det er rimeleg at her har stått eit hov for Ullin i heiden tid, og at Ullensvang har vore ein kultisk samlingsstad langt attende.
Då kristendomen kom til landet, er det sannsynleg at her vart bygd ei kyrkje der det gamle hovet hadde stått, kanskje ei stavkyrkje. Ullensvang kyrkje høyrer me fyrst om i eit dokument frå 1309. Truleg har kyrkja vore bygt før den tid, kanskje ein gong mellom 1250 og 1300.

Utsjånad
Kyrkja vart bygd i stein. Stilen er engelsk gotikk med spissbogar. Murane i skipet er 1,4 m tjukke og i koret er dei noko mindre. Kyrkja er bygd av uhoggen naturstein og lagd i kalk. Alle kantar og hjørner er av kleberstein, som dei fann i eit brot ved Kvitno i Sørfjorden. Sjølve skipet har ei grunnflate på 17,6m x 13,6 m. Ei segn fortel at det var ein skotsk murmeistar som bygde kyrkja, og på austveggen av kyrkja ser me tre menneskehovud, og desse skal vera murmeistaren og sønene hans.

I korveggen på austsida er to nisjer som i katolsk tid var brukte til å gøyma relikviar eller altersylv. Den eine har jarndør. Himlingen over kor og skip var måla, og benkedører og anna treverk rikt dekorert. Det kan vera rimeleg at her har vore figurar og symbol på veggene.

Kyrkjeklokkene er frå mellomalderen. Den eine klokka er vigd til den heilage Fransiscus. «Campana ista ad honorem sancti Fransiisca facta”. Det er ei løve med øks som liknar på Erik Magnusson sine myntar (konge frå 1356 – 1359). På den minste klokka kan ein sjå av støypeforma at den er laga på 1200-talet. Den er sjeldan i dag. Eldste klokka i landet er frå 1150.

Kyrkjetaket var ei tid dekka med eikespon. Men i ei stormflage i 1671 bles taket av, og ho vart tekt med tjørebreidde bord. I 1692 vart det bygt våpenhus. I 1705 vart kyrkja mykje skada av storm. Heile kyrkjetaket vart rive ned og knust, og murkruna, sperrer og bjelkar vart sundslegne. Skaden var så stor at bygdefolket fekk kongeleg pålegg om å gjeva alle grove materialar til oppattbygging saman med transport til kyrkjestaden. Taket fekk no panner.

Restaurering og påbygg
Etter planar av domkyrkjearkitekt Christie vart kyrkja påbygd og reparert i 1884 til 1886. Ho vart omlag 1/3 lengre, og ho fekk tårn. Kyrkja hadde fyrst 3 inngangar; hovudinngang mot vest og ei dør midt på sørveggen som vart attmura ved påbygginga i 1883, denne syner tydeleg gjennom murpussen. Den gamle inngangsportalen mot vest vart flytt ut til det nye våpenhuset i tårnfoten, men utan dør. Det vart bygt til to sakristi og kyrkja fekk helletak. Alle vegger utvendig og innvendig vart lagde med eit tjukt og slett lag av kalksteinpuss.

Under kyrkja var det tre gravkjellarar, og desse vart tømde i samband med påbygginga i 1884. Alle kistene vart tekne ut, og sett ned i ei felles grav ute på kyrkjegarden.

Inventaret som hadde vore i kyrkja, kasta dei ut eller la på loftet. Det vart skore ut nytt alter, preikestol, benker, tak og treverk av treskjeraren Lars Kinsarvik. Alt inventar vart no i olja tre. Sjølve kyrkja fekk fine proporsjonar med reine og vakre linjer, men interiøret vart fattigare enn før. Det var eit stort arbeid som var gjort under økonomisk tronge kår og kostnaden er i eit skrift omtala til 60-70.000 kroner.

Tidleg kom det på tale å få meir farge og liv inn i kyrkja. I 1949 gjorde soknerådet vedtak om ei varsam restaurering av interiøret. Folk fekk samla pengar gjennom gåver, innsamlingar, kommunalt tilskot og rentefritt lån. Arbeidet kom i gang i 1958, etter planar og teikningar av arkitekt Arnstein Arneberg i Oslo.
Ein fekk tak med kvelving, og kunstmålar Andersen måla dekoren langs begge sidene av kvelvingen. Nytt alter, alterring og galleri kom til. Benkene fekk dører med møster etter dei gamle benkedørene. Koret vart dekorert med gamle kristne symbol, laga av treskjerar Valevatn. Glasmålingane i koret er laga av kunstmålar Bernhard Greve, medan glasmålingane i vestveggen er ei gåve frå engelske sjøfolk. Det grå kalklaget vart slege av, og det vart lagt på ein ujamn puss der murane “lever”. Veggane vart kvitkalka og elles er kyrkja halden i ljose og varme fargar.

Hardangerdomen
Ullensvang kyrkje har på folkemunne også namnet Hardangerdomen. Kunstnarar har måla og diktarar sunge om “Kirken på Tangen”. I 1848 måla Tidemand og Gude “Brudeferden i Hardanger”. Til biletet skreiv A. Munch sitt vakre dikt og H. Kjerulf sette tone til. Nasjonalromantikken gjorde kyrkja kjend ut over landet og turistane bar namnet vidare ut.

Antal sitjeplassar i kyrkja er 430.

Teksten over er utdrag frå faldaren om Ullensvang kyrkje. Faldaren kan kjøpast på turistinformasjonen, kyrkjekontoret eller i kyrkja.