Utne kyrkje

Utne kyrkje vart bygd i åra 1892 til 1895, og arkitekt var den kjende Peter A. Blix. Han har mellom anna restaurert Håkonshallen i Bergen og to gamle kyrkjer i Vik i Sogn.

Historie

Kyrkja vart høgtidleg vigsla den 5. juni 1895, av dåverande biskop i Bjørgvin, Frederik W. Hvoslef. Det vart halde stor vigselfest på Utne Hotel, og rekninga for dette vart 181,50 kroner.

Ferdig oppsett kosta kyrkja litt over 21 000 kroner. Av utstyr kan ein nemna at ljosekruna og ljosestakar til alteret kosta 400 kroner. Kyrkja har to klokker av malm som er støypt ved Laxevaag verk i 1894.

Interiør og inventar
I tida framover har kyrkja blitt rikare utstyrt og utsmykka. Ho har fått endå ei ljosekrune, og lampettar på veggene både i skipet og i koret.
Det er innsett koralglas i alle vindauga i skipet. Vindauget i korveggen er skift ut, og er erstatta med glasmåleri i tre felt. Dette er laga av kunstnaren Bernhard Greve, og det vart montert i 1952.
I samband med dette arbeidet måtte ein ta bort den gamle altertavla. Ny altertavle vart oppsett i 1953, og denne vart laga av snikkar Knut Utne og treskjærar Per P. Utne. Tavla er måla av O. Sætre, som samstundes måla preikestolen, alterringen og brystningen i koret.

Kyrkja fekk i 1982 ny alterduk, som er sydd i hardangersaum med bibelske motiv, og er utført av Anna Handegard frå Jondal.
I alterpariet ligg eit nytt golvteppe, som er ei gåve frå engelske turistar. Dei har også gjeve ny klokkarstol i gyldenler, og brodert bøneskammel.
I 1971 fekk kyrkja nytt orgel som har 17 stemmer. Orgelet er bygd av orgelbyggjar Paul O. Göttingen frå Tyskland.

Antal sitjeplassar i kyrkja er 400.

Teksten over er utdrag frå faldaren om Utne kyrkje. Faldaren kan kjøpast på turistinformasjonen, kyrkjekontoret og i kyrkja.