Sommarjobb for ungdom

Opning og stenging av Utne, Ullensvang og Kinsarvik kyrkjer, veke 26-33.
Kyrkja er open kvar dag frå kl. 10.00 til kl. 19.00.
I denne perioden opnar og låser du kyrkja når kyrkjetenar ikkje er tilstades. Det kan verta behov for hjelp til å setja på og slå av spreiarane for vatning av graset på kyrkjegarden.
Det vert betalt kr. 120 for kvart oppmøte for opning og stenging av kyrkja.
Godtgjersle for vatning er kr. 60 for arbeid med spreiarane som vert gjort samstundes med opning/låsing.

Arbeidet med opning og låsing av kyrkja vert delt på to personar, skriv derfor i søknaden kva veker du ynskjer sommarferie.

Alle søkjarar må oppgje fødselsdato, kva kyrkje ein søkjer arbeid ved og ynskjeleg tidspunkt for ferie i søknaden.
Søknad sendast til: Kyrkjekontoret i Ullensvang, Sandvikevegen 11, 5780 Kinsarvik eller kyrkjekontoret@ullensvang.herad.no

Søknadsfrist: 07.05.2019

Konfirmantar 2019

Konfirmantar i Ullensvang 2019.

Kinsarvik kyrkje  28. april
Jakob Al Bayati  
Nicolaj Øvrevoll Disselhorst
Hanna Opedal Dyvik  
Ådne Opheim Lutro    
Vegard Instanes Opedal  
Hogne Ystanes Osmo  
Anders Korsvik Sekse  
Emma Skaar    
Maria Kinsarvik Steinsland
     
Ullensvang kyrkje 5.mai
Mathias Alpen  
Tobias Knutson Espe  
Eirik Svåsand Førde  
Janne Steinsland Lutro    
Daniel Mæresmo  
Ane Nakkerud  
Heidi Synnevåg Opedal  
Anna Sandstå Røynstrand
Sindre Jørgensen Skjeldås
     
Utne kyrkje 30. mai  
Emma Brattebø Bergene  
Jonas Igland Bleie  
Kari Norheim Bleie  
Daniel Måkestad Fadnes  
Anders Jåstad  
Ida Margrethe Aarekol Lothe
Bjørnar Måge Nå  
Jostein Ramsdal Rasmussen
Christiane Reinsaas  
Stian Skare Storhei  
Lars Bakke Trones  
Stine Velure    
Jarle Padøy Vikane  

Korskulen i Ullensvang

UTNE BARNEKOR

Onsdag 29. august i Utne kyrkje

4 år – 1. klasse kl. 16.45 – 17.30

2.- 5. klasse kl. 17.30-18.30

 

ULLENSVANG BARNEKOR

Torsdag 6. september i Ullensvang kyrkje

4 år – 1. klasse kl. 17.15 – 18.00

2.- 5. klasse kl. 18.15 – 19.15

 

ULLENSVANG UNGDOMSKOR

Onsdag 29. august i Utne kyrkje kl. 18.30 – 20.30

Frå 6. klasse og oppover

 

BABYSONG

Tysdag 28. august i soknehuset på Lofthus kl. 11.00

Torsdag 6. september i Utne kyrkje kl. 11.15

 

Vel møtt til nye og gamle medlemar!

Spørsmål? Kontakt Inger Elisabeth Aarvik tlf 958 07 230

VEL MØTT TIL BABYSONG!

Foto: Elisabeth Emmerhof

Babysong er eit tilbod til alle i Ullensvang med born frå 0-2 år.
Me syng kjente og kjære songar, og lærer noko nytt. Dette er for alle, om du er glad i å syngja – eller ikkje. Små born har stor gleda av musikk og rytme. Det vert god tid til lunsj med kaffi/te, rundstykke og vaflar. Eldre syskjen er velkomne, gjerne besteforeldre òg! Babysong er ein del av trusopplæringa i kyrkja i Ullensvang.

Samlingar hausten 2018:

Soknehuset på Lofthus: TYSDAGAR kl. 11.00: 28. august, 11. september, 25. september, 9. oktober, 23. oktober, november, 27. november.

Utne kyrkje: TORSDAGAR kl. 11.15: 6. september, 27. september, 11. oktober, 25. oktober, 15. november, 29. november

 

Påmelding til kyrkjekontoret tlf. 53 67 15 40 eller kyrkjekontoret@ullensvang.herad.no   eller sms til Inger Elisabeth.

 

Pris kr. 200 pr. semester. Faktura sendast alle som vert med.

Dersom det er spørsmål, ring gjerne, eller send sms. VELKOMMEN!

                           

 

 

Avskjedsgudsteneste for sokneprest Bjørn Tore Sæle

 
Kinsarvik kyrkje 10. juni kl. 11.00
Liturg Bjørn Tore Sæle  
Musikalske innslag ved lokale musikarar.
Etter gudstenesta vert det middag og sosialt samvær på Hardangertun.
Påmelding til kyrkjekontoret innan 6. juni.
Vaksne kr 200 og born kr 100.
 
Velkomne til Kinsarvik kyrkje!