Ordføraren

Ordførar Solfrid Borge

Solfrid Borge

Tlf:  53 67 15 07

Mobil: 952 43 044

E-post: solfrid.borge@ullensvang.herad.no 

Vekeplan for ordføraren

VELKOMEN TIL ULLENSVANG! 

Ullensvang herad er Norges største frukthage og ligg midt i hjarta av Hardanger, strekkjer seg på begge sider av Sørfjorden frå Odda kommune i sør , Oksenhalvøya på nordsida av Hardangerfjorden til Eidfjord kommune i nord. Omkransa av høge fjell, 2 nasjonalparkar – Folgefonna/Hardangervidda med ein mangslungen natur. Ullensvang er stor i areal men heller beskjeden i folketal (3450 innbyggjarar). Geografien og mangfaldet gjer det spennande å bu her! Kinsarvik er senteret i heradet, der heradsadministrasjonen også ligg. Den politiske organiseringa med 21 representantar i heradsstyret, 9 i formannskapet og 5 i plan- og russursutvalet er fordelt på 6 parti (SP, AP, KRF, H, SV og V). Eldrerådet har 5 medlemer, Rådet for funksjonshemma, 5 medlemer og Ungdomsrådet 7 medlemer.

 Ordføraren har kontor på heradshuset i Kinsarvik. 

Ordføraren ynskjer kontakt med innbyggjarane, og kan treffast på kontortelefon 53671507, mobil 95243044 eller e-post; Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. 

Ordføraren sin vekeplan:

Veke 2, 7.-13. januar 2019

Framleis godt år! No er alle i gjenge att med møte og nye utfordringar i det nye året.

2019 vil ha fokus på den nye Ullensvang kommune, mykje skal på plass både i forhold til dei tilsette og den politiske kabalen fram til kommunevalet 9. september. Mykje spennande og viktig arbeid ligg føre oss.

Ha ei fin veke!

Måndag 7. januar

Kl 09.00 Privat ærend

Kl 09.45 – 15.30 Kontoret på heradshuset

Tysdag 8. januar

Kl 08.00 – 15.30 Kontoret på heradshuset

Onsdag 9. januar

Kl 08.00 – 14.00 Kontoret på heradshuset

På veg til Skinnarbu

Torsdag 10. januar

Kl 09.00 – 14.00 Styringsgruppa for Hardangerviddaplanen, Skinnarbu Villreinsenter

Kl 14.00 – 16.00 Møte i ordførarutvalet for Hardangervidda nasjonalpark, ny forvaltningsmodell. Skinnarbu Villreinsenter

Fredag 11. januar

Kl 09.00 – 14.00 Styrmøte Helse Fonna, Haugesund

Laurdag 12. januar

Kl 14.00 Hardangerakdemiet i Jondal

Sundag 13. januar

Ingen avtalar