Opplæring i norsk og samfunnsfag for nyankomne innvandrarar

Opplæring i norsk og samfunnsfag for nyankomne innvandrarar

Generelt

Omtale

Heradet skal gi utlendingar opplæring i norsk (250 timar) og samfunnskunnskap (50 timar), til saman 300 timar. Opplæringa i samfunnskunnskap skal gå føre seg på eit språk som deltakaren forstår. Norskundervisninga skal gå føre seg på norsk. Ordninga skal verke med til at utlendingar kan ta del i arbeidslivet. Gjennomført opplæring er ein føresetnad for å få busetjingsløyve (varig opphald) og statsborgarskap.

Det skal lagast ein individuell plan for den som skal vere med. Planen skal ta utgangspunkt i opplæringsbehova til den enkelte. Deltakarar som har rett til gratis opplæring, skal få tilbod om vidare gratis opplæring i norsk (i inntil 2 700 timar) dersom det er behov for det. Kommunen kan krevje at det blir gjennomført testar for å slå fast om det er behov for opplæring ut over 300 timar.

Sjå vaksenopplæringa sine nettsider for meir info.

Målgruppe

Utlendingar mellom 16 og 55 år

  • om har opphalds- eller arbeidsløyve som gir grunnlag for busetjingsløyve. (Dette inkluderer: asylantar, overføringsflyktningar, arbeidsinnvandrarar og familiemedlemmene deira, personar med opphald på humanitært grunnlag, familiegjenforente til desse og familiegjenforente med norsk eller nordisk borgar busett i Noreg)

Kriterium/vilkår

Opphalds- eller arbeidsløyve etter utlendingslova som gir grunnlag for busetjingsløyve

Pris for tenesta

Tenesta er gratis for personar mellom 16-55 år som har opphalds- eller arbeidsløyve som gir grunnlag for busetjingsløyve, bortsett frå for arbeidsinnvandrarar og familiemedlemmene deira. Dei må betale for opplæringa.Vaksne flyktningar og innvandrarar med opphaldsløyve og grunnlag for permanent busetjing får gratis opplæring. Innvandrarar fra EØS-land må betale for dette tilbodet.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Heradet har plikt til å tilby denne tenesta.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Ta kontakt med heradet for å få meir informasjon.

Søknadsfrist

Førespurnader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Saksbehandlingstid

Heradet har plikt til å sørgje for opplæring i norsk og samfunnskunnskap så snart som mogleg og innan tre månader etter at krav om slik opplæring blir sett fram.

Moglegheit til klage

Du kan klage på vedtak om
  • tildeling av opplæring
  • vesentlege endringar i den individuelle planen
  • at opplæringa blir stansa
  • permisjon
Dette må skje innan ein frist på tre veker frå du fekk vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngi dette. Heradet vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga går vidare dit, skal den instansen i heradet som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Blir vedtaket ståande ved lag, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.

 

Ullensvang innvandrarsenter

Ullensvang innvandrarsenter

Generelt

Omtale

Ullensvang innvandrarsenter er samansett av vaksenopplæring for minoritetsspråklege (VO) og NAV-flyktning.

 Kontaktinformajon

  • Flyktningetenesta, Leiar: Ingvild Sperrevik
  • E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
  • Telefon flyktningtenesta: 53 66 69 02
  • Vaksenopplæringa: Leiar: Berit Leigland
  • E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
  • Telefon Vaksenopplæringa: 53 66 21 90 / 415 10 992

 

Vaksenopplæringa

Skjema

pdf Vaksenopplæring Ullensvang søknadsskjema (184 KB)

 

Om vaksenopplæringa

Norsk og samfunnsfag for vaksne innvandrarar.

Undervisninga held til i skulebygget ved Ullensvang innvandrarsenter i Kinsarvik.  Vaksenopplæringa fylgjer skuleruta for grunnskulen i heradet.

Vaksne innvandrarar med opphaldsløyve som gjev grunnlag for busetjingsløyve, har rett og plikt til 550 timar opplæring i norsk og 50 timar samfunnsfag. Dei som har trong for meir opplæring, kan få opptil 2 450 timar i tillegg. Rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnsfag for innvandrarar er lovfesta frå 1. september 2005.

Les meir:  www.imdi.no, www.udi.no, og introduksjonslova http://www.lovdata.no/all/nl-20030704-080.html (kapittel 4).

Arbeidsinnvandrarar betalar kr 70,- per time.

Det overordna målet for opplæringa i norsk og samfunnsfag er å styrkja innvandrarane sine føresetnader til å kunna delta aktivt i arbeids- og samfunnslivet.

Alle deltakarar med rett og plikt til undervisning skal ha sin individuelle plan. Planen skal tilpassast den einskilde sine ressursar og kompetanse. Planen skal utarbeidast i samarbeid med deltakaren.

Undervisninga fylgjer «Læreplan i norsk og samfunnsfag». Les meir: www.vox.no

For deltakarane er det viktig å kunna dokumentera norskkunnskapane sine, og alle må gjennomføra obligatorisk prøve i norsk (munnleg og skriftleg) og samfunnskunnskap.

Dei som skal søkje norsk statsborgarskap må avleggje statsborgarprøven om dei ikkje har teke samf.kunnskapsprøven på norsk tidlegare.

Kompetanse Norge: https://www.kompetansenorge.no/statsborgerproven/

Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med oss!

 

 Flyktningtenesta

Flyktningtenesta arbeider med å busetja flyktningar etter avtale mellom heradet og IMDi, www.imdi.no .  Staten betaler integreringstilskot for flyktningane i ein periode på fem år. Tilskotet skal m.a. dekkja utgifter til etablering, kvalifisering og integrering.  Tenesta utfører arbeidet sitt i samsvar med politiske vedtak og retningsliner gjort av heradet, samt etter Lov om introduksjonsordning og norskopplæring for nyankomne innvandrere, introduksjonslova sjå:  http://www.lovdata.no/all/nl-20030704-080.html

Kven som vert busette

Dei som vert busette kan vera overføringsflyktningar (kvoteflyktningar) som er utplukka av FN.  Desse kjem som oftast direkte til busetjingskommunen frå den opphaldsstaden i utlandet dei har vore medan FN har handsama saka deira. Desse er såleis ikkje innom noko anna offentleg system i Noreg før dei vert busette, eller det kan også vera personar som har budd i eit asylmottak som har fått opphaldsløyve i riket.  Desse kjem då til oss frå vedkomande asylmottak.  I tillegg kjem også personar som får opphald på såkalla familiesameining med relaterte personar som allereie bur her, t.d. med ektefelle eller born.

Sakshandsaming

Tenesta har ansvar for sakshandsaminga som m.a. fører til vedtaka som er grunnlag for tildeling av bustad, innbu, utstyr og klede i etableringsfasen, samt for sakshandsaminga etter introduksjonslova.

Introduksjonsprogram

I fylgje introduksjonslova er det obligatorisk for kommunane å leggja til rette for at flyktningane tek del i eit introduksjonsprogram.  Tenesta har ansvar for å leggje til rette for introduksjonsprogrammet for nykomne flyktningar og for å gjennomføra  programmet.  Programmet er eit to-årig heildags og heilårleg program.  Den einskilde deltakar skal ha ein individuell plan for framdrifta i programmet. Tenesta gjev råd og rettleiing til flyktningane.  Programmet vert gjennomført i tett samarbeid med vaksenopplæringa.


Introduksjonsstønad

Etter lova har deltakarane i programmet rett til introduksjonsstønad. Stønaden er på 2 G (G  er grunnbeløpet i folketrygda).  Er deltakaren under 25 år, vert stønaden redusert til 2/3.  Programmet er tilpassa reglane i arbeidslivet, og stønaden vert redusert ved ugyldig fråvær. Stønaden er skattepliktig, men fører ikkje til trygderettar.

Språkpraksis

Etter ei tid prøver me å få programdeltakarane ut på ein lokal arbeidsplass i ein språkpraksisplass.  Dette skjer i samarbeid med vaksenopplæringa .  Føremålet med ein slik praksisperiode er at deltakarane skal få kjennskap til ein norsk arbeidsplass og få øving i norsk.

Mål

Målet er at flyktningane skal ha fått grunnleggjande kunnskapar og kvalifikasjonar etter fullført program, slik at dei kan koma ut i eige inntektsgjevande arbeid eller i vidare utdanning.