Radoninformasjon frå Ullensvang herad

Radoninformasjon frå Ullensvang herad

Straalevern

Lenke til Statens strålevern: http://www.nrpa.no/soek?q=radon

På heimesidene til Statens strålevern finn de mykje informasjon om radon. Mellom anna:

  • Radon og helsefare
  • Måling av radon i bustader
  • Tiltak dersom det er målt for høge verdiar
  • Lover og forskrifter som regulerer forhold kring radon
  • Radon i utleigebustader
  • Skuler og barnehagar

Bedrifter i Ullensvang

arbeidstilsynet

Dei kan få hjelp i samband med dokumentasjon av tilhøve i forhold til radon i innelufta på arbeidsplassar. Sjå krav frå arbeidstilsynet med omsyn til radon og arbeidsplass.

Eigarar av private bustader i Ullensvang

Ullensvang herad rår alle huseigarar som har målt for høge radonverdiar i bustaden, til å gjera tiltak får å få redusert radonverdiane i innelufta.
Lokalt tilbyr heradet gratis teneste til måling av radon i bustader i heradet(sporfilm). Me kan også tilby oppfølgjande måling med måleinstrument dersom det er installert mekaniske ventilasjonstiltak i bustaden.
 
Ta kontakt med Ullensvang herad.
Tlf. 53671500
e-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
_____________________________________________________________________________________________________________

Tidlegare innlegg om Radon:

Oppfylging av informasjonsmøte

Etter informasjonsmøtet i Kinsarvik måndag 7. februar 2011 ynskte Ullensvang herad at eit møte med departementet og leiinga i Statens Strålevern sllik det står i denne pressemeldinga frå 09.02.2011:

Møtet kom istand 24. mars og er referert slik:

Ny kontakt med departementet

17. juni vart det på Ullensvang herad sitt initiativ halde eit nytt møte i Helse- og omsorgsdepartementet med temaet:

Frå dette møtet har me fått utskrift av referatet og lysbileta frå foredraga som vart haldne:

Ny radonmedarbeidar!

John Ove Rørnes er tilsett i ein tre-årig prosjektstilling som radonmedarbeidar. Han har arbeidd med radon sidan dette vart ei aktuell problemstilling for Ullensvang i 1996. Han har opparbeidd seg god kompetanse desse åra og har etter kvart eit godt nettverk av kompetente  fagfolk å støtta seg til. Han vil gå i gang med dette arbeidet for fullt straks me har fått tilsett ein ny medarbeidar i den stillinga han har vore i som heradsplanleggjar.

Av aktuelle arbeidsoppgåver framover kan ein nemna:

  • Utføra målingar og systematisera resultat
  • Vera pådrivar og koordinator for radontiltak i private husvære
  • Fylgja opp skular, barnehagar og andre offentlege bygg
  • Bidra til å auka kompetansen om radon og radontiltak,mellom anna gjennom samarbeid med Sintef.
  • Samarbeida med aktuelle entreprenørfirma i distriktet
  • Samarbeida med Statens strålevern og Fylkeslegen

Generell informasjon for huseigarar

Les meir her.

Annan informasjon

Meir info kan de og finna på Statens strålevern sine heimesider:

Lenke til informasjon om radon: http://www.nrpa.no/radon