Radon og kva huseigar bør gjera i forhold til dette

Radon og kva huseigar bør gjera i forhold til dette

Generelt

Omtale

Du kan verken sjå eller lukta radon. Dette er likevel ein gass som er rekna som ein naturfare. I Ullensvang er det område med for høge radonverdiar, og spesielt i Kinsarvik er det kartlagt store radonkonsentrasjonar i grunnen. Men arbeid og målingar syner at me har radon i bustader i heile heradet. I samband med bygging, må det takast særskilde omsyn for å få radonkonsentrasjonen inne i bygget ned til eit akseptabelt nivå. Statens strålevern sine tilrådde grenseverdiar for innelufta i bygg er 100 Bq/m³, med ei øvre grense på 200 Bq/m³. For å klare å få dette til, må ein gjera tiltak i samband med bygginga.

Kva bør du som huseigar gjera?

Eksisterande bustad

Som huseigar bør du sjekka tilhøva i bustaden med omsyn til radon. Målingane skal utførast i opphaldsrom. Stove eller soverom er dei mest nytta. Måleperiode er minst 2 månader. Alle huseigar bør utføre dette, jf tilråding frå Statens strålevern. Måling vert utført med sporfilm*. Verdiane er råd til huseigar. Dersom du leigar ut husvære, er det krav om at verdiane ikkje skal vera høgare enn 200 Bq/m³. Dersom målingane syner for høge verdiar, bør du gjera tiltak for å få redusert radonkonsentrasjonen i innelufta. Ein bør starta med enkle tiltak som kostar lite, t.d. tetting rundt røyr, leidningar hol mot grunnen. Dersom ein ikkje kjem i mål med dette bør det vurderast meir omfattande tiltak. (ventilasjonsanlegg, radonbrønn)Tips! Har du fuktproblem i kjellaren og planar om å utbetra dette. Då er fuktsikringsarbeidet også eit radontiltak.


Ny bustad

I samband med prosjektering av bustaden, sjå til at omsynet til radonsikring vert ivareteke. Når det skal sendast inn byggesøknad, vert dette kontrollert av sakshandsamaren. Når bustaden er ferdig, krev heradet dokumentasjon med sporfilmmåling for å gje ferdigattest. Dersom det nye huset har for høge verdiar, be dei som har fått ansvarsrett for utføringa av arbeidet til, å koma å utbetra dette, eventuelt setja inn mekanisk vifte på passivt avtrekk i grunnen. Hugs: Det er mykje enklare og rimelegare å gjera radontiltak på nytt bygg

sporfilm

*sporfilm= ein liten kapsel med ca storleik 55 mm

Kva gjer Ullensvang herad? Korleis kan heradet hjelpa huseigarane?

Heradet har tilbod om gratismåling for dei som ikkje har målt før, og til dei som har gjort tiltak for å få ned radonkonsentrasjonen i innelufta og vil sjå resultat av dette. Ta kontakt med heradet for å få sporfilm til å få oversikt på radontilhøvet i huset. Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller tlf. 53671500. Me kan også gje råd og måle med måleapparat for å sjå effekt av tiltak. Me kan også kome heim for å ta ein vurdering i lag med huseigar. Heradet har arbeida målretta for å løysa radonproblemet. I 1996 -97 var det laga til eit prosjekt, der alle huseigarane i Kinsarvik fekk tilbod om å verta med. Det var ingen kostnad for dei som var med på dette prosjektet. Dette prosjektet resulterte i at me fekk kartlagt dei fleste bustadene. Storparten av
bustadane hadde for høge verdiar i forhold til tilrådingane. (helst under 200 Bq/m³ , bør ikkje vera over 400 Bq/m³)

Lovverk

01.07.2010 vart ny bygningslov sett i kraft. Ho set generelt strenge krav i forhold til radon. Dette gjer at det ikkje vert ekstra kostnader med radontiltak i forhold bygging andre plasser. I plan- og bygningslova § 28-1 er dette omtala. I
byggeforskrifta er dette utdjupa i § 13-5. Radon


1 Bygning skal prosjekteres og utføres med radonforebyggende tiltak slik at innstrømming av radon
fra grunn begrenses. Radonkonsentrasjon i inneluft skal ikke overstige 200 Bq/m3.
2 Følgende skal minst være oppfylt:
a) Bygning beregnet for varig opphold skal ha radonsperre mot grunnen.
b) Bygning beregnet for varig opphold skal tilrettelegges for egnet tiltak i byggegrunn som kan
aktiveres når radonkonsentrasjon i inneluft overstiger 100 Bq/m3 .
C) Ikkje relevant for dette området

Strålevernets anbefalinger for radon

Alle bygninger bør ha så lave radonnivåer som mulig og innenfor anbefalte grenseverdier:
• Tiltaksgrense på 100 Bq/m3
• Så lave nivåer som mulig – tiltak kan også være aktuelt under tiltaksgrensen
• Maksimumsgrenseverdi på 200 Bq/m3

Alle bygninger bør radonmåles regelmessig og alltid etter ombygninger. Radonmålinger bør utføres som langtidsmålinger i vinterhalvåret med sporfilmmetoden. Radonreduserende tiltak i eksisterende bygninger bør være årsaksspesifikke, rettet mot identifiserte radonkilder og søke å oppnå så lave radonnivåer som mulig. For nybygg stiller byggteknisk forskrift krav til forebyggende radontiltak og grenseverdier.


Meir info kan de hentast frå Statens strålevern sine heimesider:
Lenke til informasjon om radon: http://www.nrpa.no/radon

sist revidert 26.04.2017