Frådeling av eigedom, kartforretning

Frådeling av eigedom, kartforretning

Generelt

Omtale

Ved deling av eigedom, vert eit areal av ein eksisterande eigedom frådelt, vist i eit målebrev og tildelt eiga gardsnummer og bruksnummer. Den nye eigedomen registrast i grunnboka, i eigedomsregisteret (GAB) og i eigedomskartet. Vilkåra kring deling og registrering av eigedom er heimla i delingslova.
Deling av eigedom er søknadspliktig etter plan- og bygningsloven § 93 sjå også § 63 . heradet skal ved handsaminga av delingssøknaden sjå til at delinga ikkje er i strid mot lovar, bestemmelsar og arealplanar for det aktuelle området. Sjå også Jordloven § 12.

Når eit mindre areal skal delast i frå ein eigedom og leggjast til ein anna eigedom, defineras dette som grensejustering og vert handsa etter delingslova.

KVEN KAN SØKJA OM FRÅDELING?

Delingsloven § 3-1 seier kven som kan krevja deling.

  • Hovudregelen er at heimelshavar til eigedomen som skal deles, kan søkja.
  • Gjeld det festetomt, må både heimelshavar og festar underteikna.
  • Ved frådeling av sameige, må alle heimelshavara underteikna.
  • Søkjer ein på vegne av heimelshavar, må det føreliggja fullmakt om dette. Fullmakta må leggjast ved søknaden.
  • Advokatar kan underteikna søknad utan fullmakt.
  • Ved dødsbu må skifteattest følgja søknaden og underskrift vera i samsvar med attesten.
  • Når eit firma er heimelshavar, må søknaden underskrivat av den eller dei som har fullmakt i følge firmaattesten. Firmaattesten (ikkje eldre enn ½ år) må leggjast ved søknaden.

SØKNAD OM FRÅDELING SKAL INNEHALDA

1. Søknadsskjema

  • Skjema for rekvisisjon av kartforretning / søknad om deling av grunneiendom (nr. 5801N). Søknadskjemaet kan ein få ved å hendvenda seg til heradet eller lasta ned og skriva ut sjølv.
  • Søknadsskjema skal påførast gnr/bnr og adresse for den eigedomen som skal delast.
  • Det skal kryssast av i alle rubrikkar som seier kva søknaden gjeld. Søkar ein om dispensasjon, er det eiga avkryssing for dette.
  • Arealoppgåve på framsida gjeld kun for landbrukseigedomar.
  • Søknaden skal underskrivast av samtlige hjemmelshavara.

2. Situasjonskart

Situasjonskart for ei eigedom inneheld opplysningar om eigedomens grensar, areal, høgdekotar og gards- og bruksnummer.
(Normalt inneheld situasjonskartet også offentlege vatn- og avlaupsledningar og reguleringssituasjon med byggjelinjar, gjerdelinjar, frisiktslinjar, senterlinjar i regulert veg).

Bestilling av situasjonskart

Du kan bestilla situasjonskart og naboliste ved henvending til heradet. Du kan og skriva ut situasjonskart fråkartportalen.
Dette må du sjølv sørga for å teikna inn på situasjonskartet før du sender det inn 
  • Forslag til ny delelinje. Delelinja skal i utgangspunktet ikkje trekkast nærmere eksisterande eller framtidig bygningar enn 4 m. Teiknast delelinja inn nærare, må det framleggjast skriftlig erklæring fra nabo om redusert avstand til nabogrensa.
  • Plassering av hus, garasje og biloppstillingsplass må visast både på ny og på gjenværande tomt. Alle bustadtomtar (ny og eksisterande) må sikrast veg, vatn og kloakk. Situasjonsplanen til delingssøknaden må visa korleis desse tilhøva er tenkt løyst.

Gebyr

Sjå heradets gebyrregulativ for kartforretning over grenser.

Nabovarsling

Det er to typar skjema som nyttast i samband med nabovarsel, 
"Gjenpart av nabovarsel" og "Nabovarsel".

Beggje skjemaene kan ein få ved å hendvenda seg til heradetes servicekontor tlf. 53 67 15 50 eller lastast ned her: 
Skjema for nabovarsel 
Skjema for gjenpart av nabovarsel 

KVEN SKAL VARSLAST?

Naboar:

Det er dei som på eit punkt eller over ein strekning har felles grense med den aktuelle eigedomen.

Gjenbuar

Det vil sei dei som har eigedom vis a vis den aktuelle eigedomen (f.eks. på andre siden av veg/gate/plass ol.).
Nabovarsel skal sendes uavhengig av om naboeiendommen er bebygget eller ikke.

SAKSGANG


Når søknaden er registrert i heradet, føretek me ein enkel gjennomgang av saken. Er det manglar i saken, orienterer me om dette. Trenger søknaden handsaming/uttalelser frå andre offentlge instansar, sørgar heradet for innhenting av desse. Gjeldande arealplaner i området legg viktige premissar for om eigedomen kan deles eller ikke.

HANDSAMINGSTID


Den lovpålagte handsamingstida for delingsvedtak er 12 veker. Det er ikkje fristar knytt til dispensasjonssaker. Krev sakstypen politisk avgjerd (dispensasjonar, klagesaker og prinsippielle saker) vert sakshandsamingstida lengre på grunn av møteplan for det faste utval for plansaker (Ullensvang formannskap).

LANDBRUK


Dersom frådelinga skjer i eit LNF- område, vil den oså verta sendt til landbrukmyndigheitane for handsaming etter jordlova. Heradet handsamar i hovudsak alle sakar som gjeld forvaltninga av landbruksareal. Unnatak er frådeling som er over 2 daa eller som omfattar bygningar på gardsbruk. I ein del sakar (m.a. areal over 2 daa) vil saka også verta handsama av Fylkeslandbruksstyret I Hordaland.

VEDTAK

Vedtaket sendast til søkaren med kopi til eventuelle partar som har hatt merknader til søknaden.

KLAGEADGANG


Vedtakene som blir gjort i delesaker, kan påklages av berørte parter (søker og naboer). Det er tre vekers klagefrist etter at vedtaket er gjort kjent.

KVA SKJER ETTER AT DELINGSLØYVE ER GJEVE?

Oppmåling

Når delingsløyve er gjeve , vert eigedomen målt opp og dei nye grensane settast ut. Heimelshavar og eigarane til nabo eigedomar får skriftleg varsel minst ei veke før kart- og delingsforretningen finn stad.

Kart- og delingsforretning

Under kart- og delingsforretninga vert grensane påvist, godkjent og merka. Det føres ein kartforretningsprotokoll der det framgår kven som møtte, om det var einigheit/ueinigheit i påviste grensar og eventuelt andre tilhøve som kom opp under kartforretninga. 

Målebrev

Etter kart- og delingsforretninga utarbeidast det ei målbrev over den nye eigedomen, og om mogleg ajourførast målebrev over avgjevareigdomen. heradet sørgar for tinglysning av målebrev og nødvendige erklæringar. Så snart det nye målebrevet er tinglyst, avsluttast delingssaken med at målebreva oversendas rekvirenten eller heimelshavar. Det ajourførte målebrevet tinglysas normalt ikkje. 

Gebyr

Arbeidet med ei delesak er gebyrbelagt, sjå heradets gebyrregulativ for delesaksbehandling og oppmåling I tillegg kjem tinglysningsgebyr