Feiing og tilsyn med fyringsanlegg

Feiing og tilsyn med fyringsanlegg

Generelt

Omtale

VF Vestnorske feietjenester v/feiermester Rolf Helle har feiing- og tilsyn i Ullensvang herad. Mobiltelefon: 413 38 085. E-post:Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Målgruppe

Eigarar av bygningar med pipe

Kriterium/vilkår

Tenesta gjeld berre heilårsbustader. Fritidsbustader er unnateke lovpålagt feiing, men brann- og feiarvesenet kan feie slike stader etter avtale. Det er bygningseigaren sitt ansvar å sørgje for sikker tilkomst til og på tak. Er feiaren avhengig av laus stige for å kome til taket, skal eigaren sørgje for at det er eigna stige på lett tilgjengeleg stad. Nærmare krav til sikker tilkomst følgjer av forskrifter til arbeidsmiljølova (stillas, stigar og arbeid på tak m.m.) og av forskrift om krav til byggverk og produkt til byggverk (tekniske forskrifter til plan- og bygningslova). Stillasforskrifta set krav som gjeld bruk av laus stige og krav til typegodkjenning av stigar.

Pris for tenesta

  • Vanleg hus kr 427,50 (-10 prisar)
  • Industripipe kr 636,50

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk
Heradet har plikt til å sørgje for denne tenesta. Sjå også forskrift om brannførebyggjande tiltak og tilsyn kapittel 7 og 2.

Om søknadsprosessen

Heilårsbustader med pipe/eldstad som er registrerte i eigedomsregisteret i kommunen, vil automatisk bli kontakta ved feiing eller tilsyn. Dersom du monterer ny pipe eller eldstad i ein bustad som tidlegare ikkje har hatt det, må det sendast melding til kommunen. Det blir til vanleg levert varsel om feiing eller tilsyn i postkassa dagen før. Dersom tidspunktet ikkje høver, kan du avtale nytt tidspunkt med feiaren. Dersom det ikkje er klargjort for feiing (folk til stades, framlagt stige eller på annan måte gjeve klar melding om at det kan feiast), vil det ikkje verta feia. Du kan ikkje rekne med ny feiing før neste runde dersom det ikkje vert gjort ny avtale medan feiaren er i området. Ta difor kontakt med feiaren så snart som mogleg.

Høve til å klage

Dersom feiarvesenet ikkje gjer tenestene sine på ein tilfredsstillande måte, kan du ta kontakt med kommunen. Klageinstans for vedtak som er gjorde av brannsjefen, er klagenemnda i kommunen.