Vassforsyning - drikkevatn

Vassforsyning - drikkevatn

Generelt

Omtale

Drikkevatn som heradet leverer, skal vere hygienisk trygt, klårt og utan framtredande lukt, smak eller farge. Det skal ikkje innehalda fysiske, kjemiske eller biologiske komponentar som kan føre til fare for helseskade ved vanleg bruk. 

Heradet skal varsle forbrukarane om planlagde driftsavbrot og forhold som påverkar drikkevasskvaliteten, til dømes reinsing/spyling av leidningsnettet. Sjå annonsar i pressa osb. Heradet kan gje restriksjonar for å bruke vatn når det er vassmangel. Dersom naudssituasjonar (katastrofar osb.) gjer det naudsynt å gjere unntak frå krava til kvalitet, vil forbrukarane og næringsverksemder verta informerte om situasjonen og om kor lenge den mellombelse/provisoriske vassforsyninga vil vare. I område utan kommunal vassforsyning må innbyggjarar, næringsliv osb. etablere eiga ordning for vassforsyninga. Heradet kan ikkje gje byggjeløyve utan at det finnes tilfredsstillande vass- og avløpsløysingar.

Dersom du meiner at heradet ikkje leverer vatn i samsvar med krava imellom anna drikkevassforskrifta, kan du reklamere etter forbrukarkjøpslova. 

Målgruppe

Eigarar, innbyggjarar og brukarar av høvesvis bustader, institusjonar og næringsbygg

Kriterium/vilkår

Tenesta gjeld vatn som er levert gjennom det kommunale leidningsnettet og føreset tilknyting til dette. Eventuelle krav til slik tilknyting vert normalt avgjort gjennom reguleringsplan eller ved søknad om byggjeløyve. Vasskvalitetsavvik som skuldast forhold i det interne leidningsnettet hos ein forbrukar, er normalt ikkje eit kommunalt ansvar. Større mengder brannvatn, til dømes til sprinklaranlegg, vil ikkje nødvendigvis kunne verta levert gjennom dette leidningsnettet, men sikrast på annan måte.

Pris for tenesta

Sjå kommunale eigedomsgebyr.