Tekniske tenester

Skjema

Avløp - offentlege avløpsanlegg

Avløp - offentlege avløpsanlegg

Generelt

Omtale

Heradet etablerer, driftar og held ved like offentlege avløpsanlegg (avløpsnett, avløpsanlegg og utsleppsinnretning). Målet er å samle opp avløpsvatn, transportere vatnet til eigna reinseanlegg og sleppe det vatnet som er reinsa ut i ein vassførekomst. Anlegget skal førebyggje ureining av miljøet og hindre overfløyming. Avløpsvatn tyder her vatn frå bustader og næringsliv, dvs. både sanitært og industrielt avløpsvatn, og overvatn/drensvatn. Heradet har ansvar for utslepp frå det offentlege avløpsanlegget. Heradet rapporterer utsleppsdata til Fylkesmannen via KOSTRA (det internettbaserte systemet til Statistisk Sentralbyrå). Utsleppsdataa viser blant anna i kva grad avløpsreinseanlegget følgjer reinsekrava.

Målgruppe

Innbyggjarar, næringsliv

Kriterium/vilkår

Bustader og verksemder må vere kopla til eller skal koplast til det offentlege avløpssystemet ved privat stikkleidning til hovudleidning. Heradet kan gjennom enkeltvedtak krevje rehabilitering av private stikkleidningar for å hindre ureining.

Pris for tenesta

Prisen for å kople seg til og nytte det offentlege avløpsnettet blir fastsett av heradsstyret.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Plikta til å vere kopla til eit offentleg avløpssystem går fram av § 66 i plan- og bygningslova. Sjå § 22 i ureiningslova om krav om rehabilitering av private stikkleidningar for å hindre ureining.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

 

Høve til klage

Der kommunen gjer eit enkeltvedtak (pålegg om tilkopling etter plan- og bygningslova, rehabilitering), kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er kommunen si eiga klagenemnd. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til endre det. Blir vedtaket ståande, vil saka bli sendt til klagenemnda for avgjerd.