Bruksendring

Bruksendring

Generelt

Omtale

Dersom du ønskjer å få gjennomført eit tiltak som medfører bruksendring av bustaden/bygningen din, må du søkje kommunen om løyve. Det betyr at tiltaket ikkje kan setjast i gang før du har fått løyvet frå kommunen. Ei bruksendring kan for eksempel vere å etablere eit eige husvære i underetasjen på bustaden, der det før har vore soverom, hobbyrom eller liknande. Søknaden må utformast av eit firma som har kompetanse til å gjennomføre ein søknadsprosess ("ansvarleg søkjar"). Det kan for eksempel vere ein byggmeister, entreprenør eller arkitekt.

I særlege tilfelle kan kommunen etter søknad gje deg personleg ansvarsrett. Det betyr at du gjennomfører tiltaket sjølv (er sjølvbyggjar). Sjå eiga tenesteomtale.

Målgruppe

Hus- og bygningseigarar

Kriterium/vilkår

For å kunne setje i gang tiltaket må søknaden (eventuelt søknad om dispensasjon frå vilkåra) vere godkjend av kommunen. Desse vilkåra må vere oppfylde:
  • Nabovarsling må vere gjort (sjå eiga tenesteomtale)
  • Tiltaket må oppfylle alle relevante byggtekniske krav
  • Tiltaket må ikkje vere i strid med arealdelen i kommuneplanen, reguleringsplan eller utbyggingsplan

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Plan- og bygningslova §§ 93 og 93 (b) Forskrift om (...) kontroll i byggesaker (SAK), sjå særleg kapittel IV Forskrift om godkjenning av foretak og ansvarsrett, sjå særleg kapittel II, III og V

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Dersom du ønskjer å få utført tiltak som medfører bruksendring, må du ta kontakt med eit firma som kan stå ansvarleg for heile søknadsprosessen. Firmaet vil bli ståande som "ansvarleg søkjar" og sender søknaden på dine vegner. Det vil fungere som bindeledd mellom deg som byggherre (tiltakshavar), kommunen og andre ansvarlege som skal bistå med å gjennomføre tiltaket fram til ferdigstilling.

Saksbehandlingstid

Den raskaste måten å få behandla eit søknadspliktig tiltak på, er å sende inn saka som eit såkalla "enkelt tiltak". For "enkle tiltak" må kommunen gje løyve innan tre veker. (Dette inneber ei vurdering av om tiltaket oppfyller krava til å vere eit "enkelt tiltak".) Dei viktigaste kriteria her er at ingen naboar har innvendingar, og at du har avtale med dei handverkarane (firmaa) som skal stå ansvarlege for gjennomføringa. Det blir difor kravt ein del arbeid før alle dokumenta sendast inn (ansvarsrettar, kontrollerklæringar osb.). Alle andre saker skal kommunen behandle innan tolv veker. Fristen kan forlengjast dersom tiltaket er særleg komplisert, krev ekstra politisk avklaring eller løyve eller samtykke (vedtak) frå andre styresmakter.

Moglegheit til klage

Du kan klage på vedtaket innan tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til kommunen. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal kommunen vurdere om det er grunn til å endre vedtaket. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.