Stortingsvalet 2017

val 2017

Fakta om stortingsval

Stortingsval vert halde i september kvart fjerde år, samtidig med sametingsvalet. Ved stortingsval vert det valt 169 representantar frå 19 fylker. Det skal velgjast 16 representanter fra Hordaland. Fyrstkommande storgingsval er 11. september 2017.

Den enkelte kommune er ansvarleg for den praktiske gjennomføringa av valet.

Kven har røysterett ved stortingsvalg?
Ved stortingsval har ein norsk statsborgar røysterett dersom desse vilkåra er oppfylte (jf. vallova § 2-1) :

  • Personen fyller 18 år innan utgangen av valåret.
  • Personen har ikkje mista stemmeretten etter Grunnlova § 53.
  • Personen er eller har nokon gong vore folkeregisterført som busett i Noreg. Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og husstanden deira har stemmerett sjølv om dei ikkje oppfyller busetjingskriteriet.

Korleis røystar du?
Sjølve valet føregår ved personleg frammøte i et vallokale på valdagen, eller ved å avgje ei førhandsrøyst. Har du førehandsrøysta, er det denne røysta som gjelder. Du kan fritt bestemma om du ynskjer å avgje førehandsrøyst eller røyste på valdagen.

Hugs legitimasjon!
Om valmedarbeidaren spør om legitimasjon må veljar kunna visa til gyldig legitimasjon. Som legitimasjon kan ein nytta td.: bankkort med bilde, førarkort og pass.