Barnehageplass

Barnehageplass

Generelt

Omtale

Barnehagen skal gi born under skulepliktig alder gode vilkår for utvikling og aktivitetar i samråd med heimen til borna. Barnehagen skal støtte heimane i omsorgs- og oppsedingsoppgåvene deira og skape eit godt grunnlag hos borna for utvikling, livslang læring og aktiv deltaking i eit demokratisk samfunn.

Barnehagen skal ta omsyn til:

  • alderen til borna
  • funksjonsnivå
  • kjønn
  • sosial, etnisk og kulturell bakgrunn

Pris for tenesta

Regjeringa fastset kvart år ein maksimalpris, eit øvre tak for kor mykje foreldra må betale for ein barnehageplass.
 
Pris barnehageplass pr. 01.08.17
PlasstypeRessursPris 
100% plass 5 dagar pr veke kr 2.730,-  per mnd.
80%  plass 4 dagar pr veke kr 2.184,-  per mnd.
60%  plass 3 dagar pr veke kr 1.638,-  per mnd.
40%  plass 2 dagar pr veke kr 1092,-  per mnd.
Kjøp av enkeltdagar    kr. 200
Syskjenmoderasjon  

30 % på barn nr. 2

50 % på barn nr. 3,4 mv.

 

Redusert foreldrebetaling i barnehagane

Det er no to nye statlege ordningar for redusert foreldrebetaling:

1. Gjeldande frå 1. mai 2015:

Ingen hushaldningar skal betala meir enn 6 % av inntekta si for ein barnehageplass

2. Gjeldande frå 1.august 2015

4- og 5-åringar som bur i hushaldningar med låg inntekt har rett til 20 timar gratis kjernetid i barnehagen. Føresette må sjølv søkja om redusert foreldrebetaling og leggja ved sjølvmeldinga frå sist år eller annan relevant dokumentasjon på inntekta (dersom ein ikkje har sjølvmelding). Retningslinjer og søknadsskjema finn du på heimesida til barnehagane og til heradet.

pdf Informasjon om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid 2017 2018 (139 KB)

pdf Skjema for søknad om redusert foreldrebetaling og eller gratis kjernetid gjeld frå 01 08 16 (159 KB)

 

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Heradet har plikt til å sørgje for denne tenesta.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Heradet skal leggje til rette for ein samordna opptaksprosess. Søknad om barnehageplass skal fyllast ut på eige skjema som er felles for alle barnehagane. Det skal sendast eitt skjema for kvart barn det blir søkt om plass for.

Lenkje til skjemaportal.

Vedlegg

Uttale frå sakkyndig instans når det gjeld born med lovfesta rett til plass, må sendast til servicetorget, Ullensvang herad.

Søknadsfrist

Det er 2 opptak i året. Frist for å søkja om barnehageplass til hovudopptaket i barnehagane er 1. mars. Frist for søknad til 2. barnehageopptak er 1. oktober. Dei som event. ynskjer endringar i barnehageplassen må søkja om dette innan 1. mars eller 1. oktober.

Send søknaden til

Søknad skal sendast elektronisk, gå inn på https://e-skjema.no/ullensvang/

Søknadsbehandling

Tildeling av plass skal skje etter dei fastsette opptakskriteria. Ein skal leggje stor vekt på ønska og behova til brukarane ved opptaket. Ved det årlege hovudopptaket skal søkjarane få skriftleg melding om og i kva barnehage dei har fått tilbod om plass. Søkjarar som ikkje har fått oppfylt det første ønsket sitt, skal ha rett til å søkje om overføring til denne barnehagen.

Ved supplerande opptak i løpet av barnehageåret skal søkjarar frå søkjarlista få tilbod om plass i samsvar med dei fastsette opptakskriteria. Tildeling skal skje skriftleg. Mellom dei søkjarane som ikkje får tilbod om plass ved supplerande opptak, er det berre søkjarar med lovfesta rett til prioritet som skal få melding om at ein annan har fått tilbod om plassen.

Søkjarar som ikkje får oppfylt korkje første eller andre ønske om barnehageplass, kan krevje ei skriftleg grunngjeving.

Vi oppmodar at du bruker elektronisk søknadsskjema
Etter søknad er registrert får søkjar skriftleg tilbakemelding om korleis søknaden er behandla. Du blir kontakta av barnehagestyrar så snart ein plass kan tilbydast. Styrar i kvar barnehage gjer opptak i samarbeid med servicetorget i Ullensvang herad.

Høve til klage

Ved hovudopptak kan du klage over avslag på søknad om barnehageplass. Du kan òg klage dersom du ikkje får oppfylt korkje det første eller andre ønsket ditt. Ved supplerande opptak kan berre søkjarar til barnehagen som har lovfesta rett til prioritet, klage. Klagefristen er normalt tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket.

Dersom heradet finn at barnet skulle ha fått tilbod om den ønska plassen, skal det få tilbod om første ledige plassen etter at born med lovfesta rett til prioritet har fått tilbod om plass. Dersom du ikkje får medhald, går saka vidare til klagenemnda i heradet, som er klageinstans.

Søkjar kan klage etter Forvaltningslova § 28.2 dersom han meiner at søknaden er feil behandla. Politisk arbeidsutval (PAU) er klageinstans

Merknader

Oppseiing/endring av barnehageplass og overføring til anna barnehage:

Plass som er tildelt kan behaldast til barnet tek til på skulen eller foreldra sjølve seier han opp. Oppseiing av plassen skal gjerast skriftleg og leverast barnehagen. Reglane for oppseiing og betaling gjeld frå føresette stadfestar at dei tek i mot plassen.Gjensidig oppseiingsfrist er ein mnd. frå den 01. i kvar månad. Dersom barnet sluttar etter 30. april, må det likevel betalast ut juni.

Dersom barnet har plass i ein barnehage er det høve til å søkje overføring til anna barnehage. Det kan også søkjast om endring i plasstype. Det er utarbeidd eit eige skjema for oppseing / endring av plasstype og overføring til anna barnehage.