Permisjon frå grunnskoleopplæring

Permisjon frå grunnskoleopplæring

Generelt

Omtale

Opplæringslova omhandlar to ulike typar permisjonstilfelle:
  • Når det er forsvarleg, kan ein elev få permisjon frå den pliktige opplæringa i inntil to veker.
  • Elevar som høyrer til eit trudomssamfunn utanfor Den norske kyrkja, har rett til permisjon på trudomssamfunnet sine helgedagar når foreldra sørgjer for nødvendig opplæring i permisjonstida.

Målgruppe

  • Alle elevar som søkjer permisjon frå opplæringa
  • Elevar som høyrer til eit trudomssamfunn utanfor Den norske kyrkja, og deira pårørande

Kriterium/vilkår

  • Skulen vil vurdere om permisjonen er forsvarleg. Det er ikkje noko absolutt krav om at foreldra sørgjer for opplæring i permisjonstida. Det er ikkje tillate å gje permisjon ut over to veker.
  • Foreldra til elevar som har rett til permisjon fordi trudomssamfunnet dei tilhøyrer har helgedagar, må sørgje for nødvendig undervisning i permisjonstida slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Opplæringslova § 2-11 første og andre leddet. Eleven har ikkje rett til permisjon etter første leddet. Etter andre leddet vil eleven likevel ha rettar dersom vilkåret om opplæring i permisjonstida er oppfylt.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan kontakte heradet for å få hjelp til å søkje om permisjon.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Søknaden sendes til

Den skolen eleven går på

Saksbehandlingstid

Heradet har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysning om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Moglegheit til klage

Dersom heradet avslår søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen som gjorde vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Heradet vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.