Legat

Legat

Generelt

Omtale

Legatmidlar

Ullensvang herad gjer med dette kjent at det skal delast ut midlar frå:

Gunvor og Sigurd Rateigs legat

I reglane står det slik i punkt 5: Den disponible avkastinga av kapitalen og den frie kapitalen skal nyttast til stønad til evnerik ungdom frå Ullensvang som tek hovudfag, diplom- eller doktorgrad.

Ullensvang skule- og ungdomslegat

I samsvar med reglane for legatet kan det delast ut midlar slik:

  • Stønad til ungdom som tek hovudfag, diplom- eller doktorgrad om tilhøve som vedkjem Ullensvang.
  • Påskjøning til ungdom som har lagt ned uvanleg stor arbeidsinnsats i friviljuge organisasjonar, som ungdomsleiar eller som på annan måte har gjort mykje for å betra tilhøva for ungdomen i Ullensvang.
  • Stønad til ungdom som etter gjennomført høgare utdanning vil busetja seg i Ullensvang herad med eiga verksemd.
  • Støndad til ungdom frå Ullensvang over 16 år som har synt framifrå arbeidsevner og som tek vidare utdanning i praktisk lei.
  • Påskjøning til den eller dei som har gjort mest for skogsaka i Ullensvang og Odda.

Studentar som søkjer legatmidlar må leggja ved utskrift frå eksamenar eller andre vitnemål som viser at dei kjem inn under reglane for tildeling. Søknaden skal skrivast på vanleg brevpapir. Styret avgjer i kvart høve kor stor stønaden skal vera.

Søknad om tildeling skal sendast Ullensvang herad, 5780 Kinsarvik

Hugs utskrift av eksamensresultat!

 

Dokument

Gunvor og Sigurd Rateigs legat

Søknadsskjema Sosiallegat

Ullensvang skule- og ungdomslegat