KRL-faget - melding om delvis fritak

KRL-faget - melding om delvis fritak

Generelt

Omtale

Kristendoms-, religions- og livssynskunnskap (KRL) skal vere eit fellesfag for alle elevar, uansett religiøs- eller livssynsbakgrunn. Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande.

Elevar skal etter skriftleg melding frå foreldra få fritak frå dei delane av undervisninga som foreldra eller eleven ut frå eigen religion eller eige livssyn opplever som utøving av ein annan religion eller tilslutnad til eit anna livssyn, eller som dei opplever som støytande eller krenkjande. Elevar som har fylt 15 år, gjev sjølv skriftleg melding. Til tross for at det er forbod mot forkynning i skulen, kan det oppstå situasjonar som nokre foreldre eller elevar opplever som problematisk. Fritaksretten gjeld alle skulefag. Skolen skal kvart år informere elevane og foreldra om reglane for fritak.

Målgruppe

Elevar og foreldre til elevar

Kriterium/vilkår

Foreldre eller elevar som opplever at undervisninga
  • er utøving av ein annan religion eller tilslutnad til eit anna livssyn
  • er støytande eller krenkjande

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Opplæringslova §§ 2-4 og 2-3 a

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Foreldra / dei føresette må melde skriftleg til skulen kva for aktivitetar dei vil eleven skal fritakast frå. Elevar som har fylt 15 år, kan sjølve gje skriftleg melding utan samtykke frå foreldra / dei føresette.

Søknaden sendes til

Meldinga leverast til den skulen eleven går på.

Søknadshandsaming

Skulen skal ved fritaksmelding sørgje for at fritaket vert gjennomført og leggje til rette for at eleven får annan undervisning innanfor læreplanen.

Høve til å klage

Dersom skolen ikkje godtek fritaksmeldinga, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Heradet vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga sendast dit skal den instansen som gjorde vedtaket vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket vert ståande, går saka vidare til Fylkesmannen.