Karakterar - rett til å klage

Karakterar - rett til å klage

Generelt

Omtale

Det kan klagast over alle karakterar som skal stå på vitnemålet. Det kan klagast på standpunktkarakterar, eksamenskarakterar, karakterar til fag- og sveineprøver og kompetanseprøve, realkompetansevurdering og karakter i orden og framferd. Den som har klagerett, kan krevje grunngiving. Ved skriftleg eksamen kan eleven be om å få kopi av eksamenssvara sine når karakteren er fastsett, men ein kan ikkje krevje at karakteren blir grunngjeven.

Målgruppe

  • Elevar, lærlingar, privatistar og praksiskandidatar eller dei som desse har gjeve skriftleg fullmakt
  • Foreldre til umyndige elevar, lærlingar eller privatistar har sjølvstendig klagerett

Kriterium/vilkår

Elevar under 15 år kan ikkje klage utan skriftleg samtykke frå foreldra.
 

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Retten til å klage er heimla i forskrift til opplæringslova kapittel 5 og opplæringslova §§ 2-3, 3-4, 4A-4 og og i friskolelova.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Klagen må vere skriftleg. Han må vere underskriven av klagaren eller eventuelt av den som har fullmakt. Klagen skal føre opp det vedtaket det blir klaga på. Klagen bør vere grunngjeven. Ved klage på karakter etter skriftleg eksamen er det ikkje nødvendig å grunngje klagen.

Søknadsfrist

Klagefristar: Frist for å klage på vedtak som gjeld eksamenskarakterar og standpunktkarakterar er ti dagar. Frist for å klage på vedtak om vurdering av den praktiske delen av fag-/sveineprøva og realkompetansevurdering er tre veker. Krav om grunngjeving må vere sett fram innafor klagefristen.

Søknaden sendes til

Klagen skal sendast til den skolen der klagaren er elev. Privatistar sender klagen til den skolen der eksamen blei halden. Klage på fag-/sveineprøve skal sendast til yrkesopplæringsnemnda i fylket. Fylkesmannen i kvart fylke er klageinstans i grunnskolen i samband med munnleg eksamen, standpunktkarakterar og endeleg karakter i orden og framferd. Klage over karakter på skriftleg eksamen blir behandla av ei særskild klagenemnd. Klageinstans i vidaregåande opplæring for klage på skriftleg eksamen og for karakterar til fag- og sveineprøver er ei særskild klagenemnd. Elles er fylkestinget eller den fylkestinget gjev mynde, klageinstans.

Saksbehandlingstid

Skolen/klageinstansen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje blir gjort vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Søknadsbehandling

Resultatet av klagebehandlinga: Behandling av klage over karakterar kan føre til at karakteren blir ståande, eller at han blir endra til gunst eller ugunst for klagaren. For munnleg eksamen spesielt: Får klagaren medhald, skal karakteren anullerast, og klagaren har rett til å gå opp til ny avgangsprøve.