Grunnskoleopplæring for vaksne

Grunnskoleopplæring for vaksne

Generelt

Omtale

Du som er over opplæringspliktig alder og som treng grunnskoleopplæring, har rett til slik opplæring. Opplæringa gjeld vanlegvis dei faga du treng for å få vitnemål for fullført grunnskole for vaksne. Opplæringa skal tilpassast behovet ditt; det gjeld både omfang, lengd og tidspunkt for undervisninga. Som hovudregel skal det brukast komprimerte løp. Vaksne skal ikkje plasserast i ordinære klassar saman med barn og unge. Sjå sidene til vaksenopplæringa for meir info.

Målgruppe

Du som er over opplæringspliktig alder og som treng grunnskoleopplæring.

Kriterium/vilkår

Du må vere over opplæringspliktig alder og ha behov for grunnskoleopplæring. Ungdom som har fullført grunnskolen (og som har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1) har ikkje rett til grunnskoleopplæring for vaksne.

Pris for tenesta

Opplæringa og undervisningsmateriellet er gratis.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan kontakte heradet for å få hjelp til å søkje om grunnskoleopplæring for vaksne.

Sakshandsamingstid

Heradet har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan gjerast vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak. Sjølv om det finst ein individuell rett til opplæring, må det offentlege ha rimeleg tid til å planleggje, leggje til rette og setje i verk tilbodet. Dette inneber at søkjarane, etter tilhøva, må akseptere at det kan ta ei viss tid før eit tilbod blir etablert.

Søknadshandsaming

Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tenesta eller ikkje. Vedtaket vil også spesifisere kva tenesta omfattar.

Høve til å klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du har motteke vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.

Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket ikkje blir endra, vil saka gå vidare til Fylkesmannen for klagebehandling.