Grunnskuleopplæring - retten til gratis opplæring

Grunnskuleopplæring - retten til gratis opplæring

Generelt

Omtale

Elevane har rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kommunen kan ikkje krevje at elevane eller foreldra dekkjer utgifter i samband med opplæringa, til dømesl utgifter til undervisningsmateriell, transport i skuletida, leirskuleopphald, ekskursjonar eller andre turar.

Målgruppe

Elevar i grunnskulen.

Kriterium/vilkår

Du må vere elev i grunnskulen.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Kommunen kan ikkje krevje at elevane eller foreldra dekkjer utgifter til materiell eller aktivitetar som er ein del av grunnskuleopplæringa.

Høve til å klage

Dersom skulen krev betaling for utgifter som er nemnde over, kan du klage til skulen. Dersom skulen ikkje endrar vedtaket eller praksisen sin, kan du vende deg til Fylkesmannen, som fører tilsyn med verksemda i grunnskulen.