Skuleskyss

Skuleskyss

Generelt

Omtale

Retten til skoleskyss er heimla i Opplæringslova § 7 – 1 og gjeld til frå skoletida/undervisningstida. Retten til skoleskyss gjeld ikkje til/frå leksehjelp eller skolefritidsordning (SFO).

Målgruppe

  • Elevar i grunnskole, vidaregåande skole og friskole
  • Elevar med funksjonshemming og elevar som er mellombels skada eller sjuke

Kriterium/vilkår

Avstanden mellom skule og heim må overstige

  • 2 km for 1. klasse i grunnskolen
  • 4 km for 2. til 10. klasse i grunnskolen
  • 6 km for vidaregåande skule


Avstanden blir målt frå dør til dør og langs kortaste farbare vegen eller gang- og sykkelstig. Elevar i grunnskulen som har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg, har rett til fri skoleskyss uavhengig av avstanden mellom skole og heim.

Funksjonshemma elevar og elevar som er mellombels skada eller sjuke kan søkje om særskilt skyss på medisinsk grunnlag.

Retten til skyss for elevar i friskolar gjeld berre innanfor grensene av den kommunen/fylkeskommunen der eleven bur.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Fylkeskommunen/kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta, jf. opplæringslova §§ 7-1, 7-2, 7-3 og 13-4. Sjå kapittel 10 i forskrift til opplæringslova.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan kontakte den aktuelle skulen for å få hjelp til å søkje om skuleskyss. Søknad om skyss på medisinsk grunnlag kan foreldre gjere på www.hordaland.no/skoleskyss. Denne typen skyss-søknad krev legeerklæring

Ansvar for skuleskyss

Det er fylkeskommunen som har ansvaret for- og som avgjer om ein elev har rett til skyss grunna avstand (2 km for 1. kl /4 km for 2.-10. kl). Avstandsgrensene er absolutte. Kommunen skal sørgje for skyss til grunnskuleelevar som har skuleveg som er klassifisert som særleg farleg eller vanskeleg veg.

Saksbehandlingstid

Fylkeskommunen/kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Høve til klage

Får du avslag på søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen (for elevar i grunnskulen) og klagenemnda i fylkeskommunen (for elevar i vidaregåande skule). Før klaga blir sendt klageinstansen, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, går saka vidare til klageinstansen.