Skulane i Ullensvang

Skulane i Ullensvang

Generelt

Omtale

Ullensvang herad har eit desentralisert skuletilbod med 4 skular. Skulane er sjølvstendige einingar. Personalet er stabilt, og me har utdanna lærarar med høg kompetanse i mest alle stillingar. Dei fleste skulane har SFO-tilbod. Heradet har god skuleskyssordning. Skulane er bra utstyrt med IT-utstyr og alle har tilgang til internett.

Skulane har eigne vevsider der de kan finna meir informasjon om den einskilde skule.

SFO, Barnehage- og skulerute

pdf Vedteken SFO rute 2019 2020 (102 KB)
pdf Vedteken Barnehage og skulerute 2019 20 Ullensvang herad (188 KB)

Skjema

Kontaktinformasjon

Vaksenopplæringa

ullensvang vo

  • Leiar: Berit Leigland
  • E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
  • Telefon Vaksenopplæringa: 53 66 21 90 / 415 10 992

Om skulen

Norsk og samfunnsfag for vaksne innvandrarar

Undervisninga held til i skulebygget ved Ullensvang innvandrarsenter i Kinsarvik. Vaksenopplæringa fylgjer skuleruta for grunnskulen i heradet.

Vaksne innvandrarar med opphaldsløyve som gjev grunnlag for busetjingsløyve, har rett og plikt til 550 timar opplæring i norsk og 50 timar samfunnsfag. Dei som har trong for meir opplæring, kan få opptil 2 450 timar i tillegg. Rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnsfag for innvandrarar er lovfesta frå 1. september 2005.

Hauso skule

Hauso skule med utsikt mot fjorden

  • Tlf: 53 66 62 13
  • E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
  • Heimeside: http://www.minskole.no/hauso

Om skulen

Hauso skule er ein kombinert barne – og ungdomsskule. Skulen har SFO (skulefritidsordning) fem dagar i veka. Det er populært å gå der! Og kvar tysdag har dei bading i det fine bassenget på skulen. Skulen tilbyr leksehjelp til alle elevar frå 3. klasse. Me er stolte over elevane våre. Ungdomane er gode førebilete for dei yngste. Skulen har ein vakker utsikt mot fjorden og fjella. Det er kort veg til gode uteområde i skogen. Her vert elevane i 1. og 2. klasse godt kjende på utedagen kvar torsdag. Dei som går i 3. og 4. klasse bruker også nærmiljøet når dei har sine utedager kvar fjerde veke.

Alle elevar i norsk skule har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Den enkelte elev skal ha eit miljø der dei ikkje vert utsette for krenkjande ord eller handlingar. Hauso skule jobbar aktivt med verdiarbeid og ulike trivselstiltak for å fremja eit trygt og godt elevmiljø. Me jobbar for at skulen sine verdiar skal visa att i skulekvardagen. Her er verdiane våre:  

Hauso skule                    

  • viser engasjement       
  • har struktur       
  • fremjar samarbeid       
  • har eit positivt menneskesyn

Kinsarvik skule

Kinsarvik skule

  • Tlf: 53 67 15 90
  • Fax: 53 67 15 91
  • E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
  • Heimeside:http://www.minskule.no/kinsarvik

Om skulen

Kinsarvik skule ligg midt i Kinsarvik som er kommunesenteret i Ullensvang. Den ligg fritt til med gode uteområder kring skulen. Skulen er ein kombinert barne- og ungdomsskule med elevar frå 1. til 10.klasse. Det vart den i 2003 då tidlegare Ystanes skule vart nedlagt, og barneskulen flytta til Kinsarvik.

På Kinsarvik skule har me symjebasseng. Her vert det gjeve symjeopplæring for skulane på austsida av Ullensvang. Det er og folkebading og anna treningsaktivitet i bassenget.

SFO ved skulen vert nytta av mange elevar. SFO ved skulen er og open i haust- og vinterferie samt fire veker om sommaren. Det vert gitt tilbod om leksehjelp til elevane i 3.-7.klasse. Tilbodet er på 2 klokketimar i veka fordelt på måndag, tysdag og onsdag.

Opedal skule

Opedal skule

  • Tlf: 53 66 12 53
  • Fax: 53 66 15 07
  • E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
  • Heimeside: http://www.minskole.no/opedal

Vikebygd skule

Vikebygd skule sett frå riksvegen

  • Tlf: 53 66 21 92
  • Mobil: 90 12 64 08
  • E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
  • Heimeside: http://www.minskole.no/vikebygd