Musikk- og kulturskule

Ullensvang musikkskule

Ullensvang musikkskule

Generelt

Skjema

Musikk- og kulturskule - ny plass, endring og utmelding

Omtale

Ullensvang musikkskule vart stifta i 1978. Elevtalet har dei siste åra lagt stabilt kring 150 elevar. Musikkskulen har i dag 14 tilsette, dei fleste i mindre stillingar. Ullensvang musikkskule tilbyr  profesjonell undervisning til elevane innan alle tilboda våre.  Me har godt kvalifiserte lærarar innan alle disiplinar. Musikkskulen sel òg timar til kor og korps.

Sjå og skulens eigne heimesider.

Målsetjing

Ullensvang musikkskule er ein lovpålagd skule etter § 13-6 i Opplæringslova.
Ullensvang musikkskule har som mål ;

  • å gje den einskilde elev best mogleg høve til å utvikla sine musikalske evner og anlegg
  • å gje ei ålmenn og praktisk musikkopplæring, individuelt eller i grupper og lag
  • å ta vare på og bera vidare lokale musikktradisjonar

 

Generelle føresegner

Undervisninga i musikkskulen er i prinsippet open for alle, men born / ungdom i grunnskulealder har førerett framfor eldre / yngre.

Elevane sitt første halvår i musikkskulen vert rekna som prøvetid.

Undervisninga bør desentraliserast så langt det er praktisk mogleg, og økonomisk og pedagogisk forsvarleg.

Elevane plikter å fylgja skulane sine ordensreglar.

Elevpengar skal betalast på forskot ved byrjinga av kvart skulehalvår. ( sept. / jan.)

Musikkskulen skal skipa til elevkveldar og andre tilstellingar.

 

Administrasjon

Ullensvang musikkskule ligg under fellestenestene i Ullensvang herad og er ikkje ei eiga eining.

Sjå og: tilsette i Ullensvang musikkskule

 

Undervisning

Ullensvang musikkskule har undervisning på alle skulane i heradet, samt i gamleskulen på Utne.

Ein undervisningstime i musikkskulen er eigentleg 22,5 min, men me gjev 25 minutt. Dette for å kunne dekkja opp for avlyste timar i samband med kurs, sjukdom etc. der me ikkje får tak i vikar.

Det kan krevjast avslag i elevpengane om det vert meir enn 4 avlyste timar i løpet av eit skuleår.

Musikkskulen følgjer grunnskulens skuleår.

 

Betaling

Ein elevplass i Ullensvang musikkskule er prisa etter gjeldande satsar.

I tillegg kjem eventuelt kjøp av notar / anna materiell / leiga av instrument.

Musikkskulen gjev syskenrabatt på 50 og 75 %.

 

Leige av instrument

Ullensvang musikkskule set som vilkår at elevane har instrument sjølve som dei kan øva på heime.

Musikkskulen har nokre instrument til utleige, men hovudregelen er at elevane har instrument sjølve.

Pris for å leiga instrument hjå musikkskulen er kr 100,- pr halvår.

Dei som leiger instrument / utstyr pliktar å erstatta tap eller skade.

 

Tildeling og oppseiing av elevplass i musikkskulen

Hovudopptaket i Ullensvang musikkskule skjer i mai, men ein kan søkja heile året.

Påmeldinga er bindande for eit heilt semester, og ein må betala for heile semesteret sjølv om ein sluttar tidlegare. Oppseiing av elevplassen må skje skriftleg

 

Tilbod i Ullensvang musikkskule

Klikk her for ein oversikt.