Motorferdsel i utmark og vassdrag
Generelt
Skjema
Motorferdsel i utmark og vassdrag
Omtale
Motorferdsel i utmark og vassdrag er regulert med sikte på å verne om naturmiljøet og å auke trivselen. I hovudsak har bruk av motorkøyretøy til offentleg godtekne nytteformål (til dømes redningsteneste, utmarksnæring og faste bustader) direkte heimel i loven, mens for ferdsel til andre formål må du ha løyve frå kommunen. Merk at det ikkje er høve til å gje løyve til turkøyring( sjå unntak for Finnmark og Nord-Troms).
Målgruppe
Personar som har behov for å bruke motorfartøy eller luftfartøy i utmark og vassdrag til formål som ikkje er offentleg godkjente nytteformål.
Kriterium/vilkår
Ein må søkje om løyve for å bruke motorfartøy eller luftfartøy til dei formåla som er spesielt lista opp (sjå lenkje til forskrift nedanfor). Det gjeld til dømes bruk av snøskuter
- der fastbuande vil ta på seg køyreoppdrag (transport av funksjonshemma, transport av ved, tilsyn av privat hytte o.a.)
- der hytteeigar vil transportere bagasje og utstyr mellom bilveg og hytte
Lover og retningslinjer
Gjeldande lov - og regelverk
Lov om fritids- og småbåter §§ 38-40 (om vasskuter) Forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag: § 2 (om motorferdsel på bar mark) § 3 (om motorferdsel på vinterføre) § 4 (om unntak for Finnmark og Troms) § 5 (om bruk av snøskuter) § 6 (om unntakstilfelle)
Om søknadsprosessen
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Kommunen (eller Fylkesmannen) gir informasjon om kva ein har høve til å gjere etter lov og forskrift, og kva ein må søkje om løyve til. Behovet må vere dokumentert, og søknaden må innehalde alle dei opplysningane som kommunen treng for å kunne ta stilling til søknaden.
Vedlegg
- Ved transport av funksjonshemma må ein leggje ved legeattest
- Ved transport til hytte må ein dokumentere eigarforholdet
- Kart som viser planlagd køyretrasé
- Eventuell dokumentasjon av særlege behov
Søknadsfrist
Søknaden må sendast i god tid.
Høve til klage
Dersom kommunen avslår søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ynskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før kommunen sender klagen dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket vert ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.