Kultur, idrett og korps

Ullensvang bibliotek

Ullensvang bibliotek

Generelt

Omtale

Ullensvang bibliotek er plassert på Utne (i gamlebanken), i Kinsarvik (i 2. etg. i Kjobergbygget over Spar) og på Nå. I tillegg driftast skulebiblioteka på begge sidene av fjorden.
Biblioteka er fyrst og fremst ein stad for å låna bøker, lydbøker, filmar og pc-spel. I tillegg har du høve til å setja deg ned og nytta ein av dei tilgjengelege datamaskinane, lesa aviser og tidsskrift eller spela spel. 
I Kinsarvik er biblioteket knytta mot ungdomsbasen som låner lokala kvar onsdag kveld til ulike spel og aktivitetar, og triveleg samvær for ungdom. 
På biblioteka finn du både populær, omdiskutert og meir smal litteratur og film. Dersom du er på jakt etter noko me ikkje har, vil me anten låna frå andre bibliotek eller kjøpa inn det du ynskjer. Av og til skipar me til arrangement som t.d. forfattarbesøk og foredrag om aktuelle tema.

Biblioteket er for alle, -velkomen skal du vera!

Nettside for biblioteka i Hardanger

Biblioteka i Hardanger har no felles nettside. Du finn den på

http://ullensvangbibliotek.no/

Websøk

På denne nettstaden kan du søkje blant eit stort tal bøker og andre dokument. Dersom du finn noko du liker, kan du også reservere eller bestille tittelen. Dersom du loggar deg inn, får du oversikt over alle låna dine, og kan også fornye låna.

Lenkje:http://websok.mikromarc.no/ullensvang-fb

Du kan og søka her: Samsøk for alle biblioteka i Hordaland

Kontaktinformasjon

Kinsarvik

  • E-post : Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
  • Telefon: 476 86 145
  • Opningstider
    • Måndag 12-16
    • Tysdag 12-16
    • Onsdag 12-19
    • Fredag 12-16
    • Torsdag stengt

Utne

  • E-post :: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
  • Tlf : 904 09 736
  • Fax: 53 66 69 52
  • Opningstider
    • Måndag: 10:00 – 17:00
    • Torsdag: 12:00 – 18:30
     

  • E-post : Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
  • Tlf : 46 85 80 96
  • Opningstider
    • Tysdag 15.00 - 19.00

Støtteordningar til vern av kulturminne og kulturlandskap

Støtteordningar til vern av kulturminne og kulturlandskap

Generelt

Omtale

Kulturminne Tiltak Søknad til Søknadsfrist

Tilskot til forvaltning av freda kulturminne

Vedlikehald av arkeologiske kulturminne

RA

31.12

Restaurering av freda og verneverdige bygningar i landbruket. STILK

Sikring, ivaretaking og bruk av freda og verneverdige bygningar

Fylkesmannen

landbruks-avdelinga, gjennom landbrukskontoret i heradet

15.04.

Tilskot til mellomalderbygningar og anlegg

Vern og sikring av automatisk freda bygningar og ruiner frå mellomalderen

RA

31.12

Tilskot til skjøtsel av automatisk freda kulturminne

Til private eigarar

RA

31.12

Tilskot til freda og verneverdige bygningar

Vern og sikring av freda og verneverdige bygn.

RA

31.12

Tilskot til vern av faste kulturminne

Vern av faste kulturminne

Fylkeskom-munen, kultur gjennom kulturkontoret i heradet

Vert lyst ut

Tilskot til kulturminne

Vern av kulturminne

Heradet

Ingen frist

       

Tilskot til spesielle tiltak i landbrukets kulturlandskap STILK

Biologisk mangfald, tradisjonell kulturmark,kulturminne, ferdselstiltak.

Fylkesmannen landbruks-avdelinga

15.04

Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne og miljø

Setja i stand tekniske kulturminne

Fylkeskommunen

Haust

Tilskot til kulturvern

Større kulturverntiltak, prosjekt.

Kulturfondet

 

 

 

Kulturlandskap Tiltak Kven deler ut Søknadsfrist
Tilskot til kulturlandskapstiltak som ivaretek biologisk mangfald i kulturlandskapet Oppretthalda drift, restaurere og etablere nye nøkkelområde Fylkesmannen miljøvernavdelinga 1.4
       
Tilskot til kulturlandskap for vedlikehald av kulturmiljø Samarbeidsprosjekt om å ta vare på og vedlikehalda kulturmiljø RA 31.12
       
Tilskot til spesielle tiltak i landbrukets kulturlandskap STILK Biologisk mangfald, tradisjonell kulturmark,kulturminne, ferdselstiltak. Fylkesmannen Landbruks-avdelinga 15.04.
       
Tilskot til organisert beitebruk Organisert tilsyn og sanking, beiteutnytting Fylkesmannen landbruks-avdelinga 15.01
Midlar til bygdeutvikling Utvikling av nye arbeidsplassar i tilknyting til landbruk Fylkesmannen landbruks-avdelinga Ingen frist

 

Tilskot til skogkultur Skogkulturtiltak, tidlegare jordbruksareal,biologisk mangfald Fylkesmannen landbruks-avdelinga Ingen frist



Friluftsliv Tiltak Kven deler ut Søknadsfrist
Tilskot til stimulering og motivering for friluftsliv Aktivitetsretta tiltak samarbeidstiltak Fylkesmannen miljøvern-avdelinga 1.12
       
Tilskot av spelemidlane til anlegg for friluftsliv i fjellet Anlegg for friluftsliv i fjellet Kulturdep. via DNT Kontakt DNT
       
Tilskot av spelemidlane til turstiar,turløyper og skiløyper Tilrettelegging av turvegar og turstiar, opparbeiding av skiløyper Kulturdep. via fylkeskomm. og heradet nov. heradet
Tilskot av spelemidlane til nærmiljøanlegg Anlegg for fysisk aktivitet i nærmiljøet Kulturdep. via fylkeskomm. og heradet nov. heradet
Tilskot til spesielle tiltak i landbrukets kulturlandskap STILK Biologisk mangfald, tradisjonell kulturmark,kulturminne, ferdselstiltak Fylkesmannen
landbruks-avdelinga
15.04.
Områdetiltak Fylkesmannen landbruks-avdelinga  

 

 

Ullensvang Logopedkontor

Ullensvang Logopedkontor

Generelt

Skjema

pdf Ynskje om kontakt med spesialpedagog eller logoped (41 KB)

Omtale

Ullensvang logopedkontor jobbar spesialpedagogisk og logopedisk i heradet. 

Ein spesialpedagog jobbar med språk- og lærevanskar, sosio-emosjonelle vanskar og elles særlege pedagogiske behov som eit barn måtte ha. 

Ein logoped jobbar med språk- og uttalevanskar, taleflytvanskar og stemmevanskar hos både barn og vaksne.  

Som foreldre eller pårørande kan du få informasjon og rettleiing om den aktuelle vansken dersom du har trong for det. 

Lokalitet

Dei tilsette reiser mykje rundt til skulane, barnehagane og sjukeheimane i heradet. Det fysiske kontoret finn du i kjellaren under legekontora på Utne, eitt minutts gange frå ferjekaien. Det står «Fysioterapiavdelinga» på ytterdøra. 

Tilsette

Kari Bjørkavoll Eitrheim arbeider 80% som spesialpedagog. 

Marianne Bergland arbeider 80% som logoped og 20% som spesialpedagog. 

Grethe-Lill Eide arbeider 20% som logoped. 

Kontaktinformasjon

Du kan få tak i Ullensvang logopedkontor via brev, telefon eller e-post. 

Adresse: Ullensvang logopedkontor, Utne legesenter, 5778 Utne

Telefon: 53 66 69 03 (kontoret), 900 72 397 (Kari), 468 39 357 (Marianne), 416 59 498 (Grethe-Lill)

E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Tilvising

For å kunne jobba direkte med ein sak, må saka verta tilvist Logopedkontoret.

Skjema: pdf Ynskje om kontakt med spesialpedagog eller logoped (41 KB)

 

Retningslinjer for fordeling av kulturmidlane

Retningslinjer for fordeling av kulturmidlane

Generelt

Skjema

Søknad om tilskot til kultur, idrett og korps

Informasjon 

1.

Det årleg rammebeløpet til kulturarbeid skal tildelast etter søknad. 95% av midlane vert tildelt i hovudtildelinga som er i april kvart år. 5% står til rådvelde for søknader som kjem inn utover året. Desse søknadene vert handsama av administrasjonen, jfr. Delegasjonsreglementet.

2.

Søknadsskjema vert sendt alle lag/organisasjonar som er registrerte ved oppvekst- og kulturkontoret. Andre kan få søknadsskjema ved å venda seg til heradet.

3.

Berre søknader som er fullstendig utfylte og innkomne innan fristen, vert handsama ved hovudtildelinga.

4.

Hovudtildelinga:

4.1

70% av midlane skal fordelast til lag og organisasjonar som er avhengige av driftsmidlar for å få til kontinuerleg drift og stabil aktivitet. Fylgjande fordeling skal leggjast til grunn:

a) Idrettslag og organisasjonar som driv aktivt idrettsarbeid etter retningsliner til særforbunda. Ullensvang Idrettsråd fordelar beløpet etter same kriterie som gjeld idag.

1/2

b) Musikk/songlag

1/4

c) Kulturinstitusjonar og andre lag, så som kino, ungdomslag, RKHK, skyttarlag og 4 H.

1/4

4.2.

25 % av midlane skal fordelast til generelle kulturtiltak, aktivitetsskapande prosjekt og særlege investeringar.

Midlane vert tildelte etter særskild søknad som skal innehalda grunngjeving, kostnadsoverslag og finansieringsplan.

Alle lag og organisasjonar kan søkja om desse midlane. Også grendalag, soknehus, grendahus, helselag, interesseorganisasjonar, særlag, m.m. som ikkje vert tildelt midlar etter p.4.1

5.

Ved tildeling etter p.4.2 skal tilskotet vera ei reell hjelp til å få realisert tiltaket eller investeringa innan rimeleg tid.

Søknaden skal skrivast på søknadsskjema, og ved prioritering av tildeling skal det takast omsyn til eigeninnsats, ringverknad, ålmen verdi og interesse.

Søknaden må vera godt grunngjeven og underbygd.

 

 

Kunstnarbustad i Berlin

Kunstnarbustad i Berlin

Generelt

Omtale

Hardangerrådet er på vegne av Hardangerkommunane ansvarleg for artist-in-residence-ordninga Hardanger - Berlin, og administrerer prosjektet etter Hardangerlokk. Ordninga vart oppretta i 2009. Søknad om opphald lysast ut om hausten for opphald påfylgjande år. Som retningsgjevande regel vert det høve til eit opphald på inntil 3 månader pr. kunstnar. Det er fleksibilitet i ordninga når det gjeld lengde for opphaldet. Kunstarar som får tildelt opphald mottek eit stipend på 2000 kr pr månad, knytt til opphaldstida. Odninga baserer seg på same modell som mellom anna Bergen kommune nyttar.

Sjå: http://www.hardanger-berlin.no/