Kultur, idrett og korps

Retningslinjer for fordeling av kulturmidlane

Retningslinjer for fordeling av kulturmidlane

Generelt

Skjema

Søknad om tilskot til kultur, idrett og korps

Informasjon 

1.

Det årleg rammebeløpet til kulturarbeid skal tildelast etter søknad. 95% av midlane vert tildelt i hovudtildelinga som er i april kvart år. 5% står til rådvelde for søknader som kjem inn utover året. Desse søknadene vert handsama av administrasjonen, jfr. Delegasjonsreglementet.

2.

Søknadsskjema vert sendt alle lag/organisasjonar som er registrerte ved oppvekst- og kulturkontoret. Andre kan få søknadsskjema ved å venda seg til heradet.

3.

Berre søknader som er fullstendig utfylte og innkomne innan fristen, vert handsama ved hovudtildelinga.

4.

Hovudtildelinga:

4.1

70% av midlane skal fordelast til lag og organisasjonar som er avhengige av driftsmidlar for å få til kontinuerleg drift og stabil aktivitet. Fylgjande fordeling skal leggjast til grunn:

a) Idrettslag og organisasjonar som driv aktivt idrettsarbeid etter retningsliner til særforbunda. Ullensvang Idrettsråd fordelar beløpet etter same kriterie som gjeld idag.

1/2

b) Musikk/songlag

1/4

c) Kulturinstitusjonar og andre lag, så som kino, ungdomslag, RKHK, skyttarlag og 4 H.

1/4

4.2.

25 % av midlane skal fordelast til generelle kulturtiltak, aktivitetsskapande prosjekt og særlege investeringar.

Midlane vert tildelte etter særskild søknad som skal innehalda grunngjeving, kostnadsoverslag og finansieringsplan.

Alle lag og organisasjonar kan søkja om desse midlane. Også grendalag, soknehus, grendahus, helselag, interesseorganisasjonar, særlag, m.m. som ikkje vert tildelt midlar etter p.4.1

5.

Ved tildeling etter p.4.2 skal tilskotet vera ei reell hjelp til å få realisert tiltaket eller investeringa innan rimeleg tid.

Søknaden skal skrivast på søknadsskjema, og ved prioritering av tildeling skal det takast omsyn til eigeninnsats, ringverknad, ålmen verdi og interesse.

Søknaden må vera godt grunngjeven og underbygd.