Fri rettshjelp

Fri rettshjelp

Generelt

Omtale

Fri rettshjelp er ei sosial støtteordning som skal sikre nødvendig juridisk hjelp til personar med dårleg økonomi. Det gjeld i hovudsak advokathjelp som heilt eller delvis blir dekt av staten. Dette omfattar nødvendig rådgjeving og stønad frå advokat i eit aktuelt problem, og fri sakførsel i retten.

  • Familiesaker
  • Erstatning for personskade
  • Oppseiing/utkasting av bustad
  • Oppseiing/avskjed i arbeidsforhold
  • Pensjon
  • Trygd

er prioriterte sakstyper etter rettshjelplova. Ein kan òg søkje om fri rettshjelp i andre sakstypar.

Målgruppe

Personar som ikkje har økonomi til å betale for juridisk rådgjeving eller sakførsel.

Kriterium/vilkår

Vilkåra for fri rettshjelp er
  • at søkjaren ikkje har bruttoinntekt eller næringsinntekt som er større enn kr 230 000 for einslege / kr 345 000 for ektefeller (og andre som lever saman med felles økonomi). Formuesgrensa er kr 100 000
  • at søkjaren ikkje har teikna rettshjelpsforsikring som heilt eller delvis dekkjer utgiftene som søkjaren har til juridisk bistand med mindre særlege forhold gjer det rimeleg
  • at rettshjelpa gjeld oppdrag som det er naturleg at advokat utfører
For ektefeller og andre som lever saman med felles økonomi, skal ein leggje til grunn samla inntekt og formue. I enkelte tilfelle kan Fylkesmannen gjere unntak for inntektsgrensa. Uavhengig av inntekt og formue kan det blir gjeve fri rettshjelp
  • i barnevernssaker for Fylkesnemnda for sosiale saker
  • i saker om kvinnemishandling
  • når eit valdsoffer går til erstatningssøksmål mot gjerningsmannen
Advokaten som ein ønskjer å nytte, må normalt halde til i nærleiken av der søkjaren har bustad eller opphald.

Pris for tenesta

Frå 1. januar 2005 er det innført ein eigendel. Personar med bruttoinntekt under kr 100.000,- pr. år betalar ikkje eigendel.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

For å få fri rettshjelp må du fylle ut eit eigenerklæringsskjema der du gjer greie for den økonomiske situasjonen din. Skjemaet sender du til Fylkesmannen saman med opplysningar om kva saka gjeld. Vel du å ta kontakt med ein advokat, vil denne i mange tilfelle sjølv kunne innvilge fri rettshjelp, eller hjelpe deg med å sende søknaden vidare.

Vedlegg

Legg ved utskrift av den siste likninga eller annan stadfesting på din økonomiske situasjon dersom den har endra seg.

Søknadsbehandling

Hovudregelen er at Fylkesmannen avgjer saker om fri rettshjelp. I enkelte tilfelle kan likevel dette blir avgjort av advokaten sjølv eller av retten ved fri sakførsel.

Moglegheit til klage

Du kan klage på avslag om fri rettshjelp innan ein frist på tre veker etter at du har mottatt vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstansen er Justis- og politidepartementet. Før klaga blir sendt dit, skal Fylkesmannen vurdere om det er grunn til å endre vedtaket. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til departementet.