Forliksråd

Forliksråd

Generelt

Omtale

Forliksrådet er ein av domstolane våre. Sivile tvistar skal som hovudregel behandlast av forliksrådet, jf. Tvl.§6-2. Forliksrådet skal alltid mekle mellom partane, og kan også i mange tilfelle seie dom. Både forlik og dom i forliksrådet har rettsverknad, og kan tvangsfullførast via namsmannen.

Møtefullmektig

Forliksrådet har tre faste møtefullmaktshavarar oppnemnde av heradet. Desse kan møte dersom ein av partane, i hovudsak klagar (kreditor), ikkje kan. Klagar må sjølv kontakte ein møtefullmektig dersom det er nødvendig.

Målgruppe

Partar som har partsevne, jf. Tvl. § 2-1.

Kriterium/vilkår

Gebyret må vere betalt før saka blir behandla.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Offentlegheit, innsynsrett og rettsbok, jf. Tvl. § 6-9.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Det er ein fordel at forliksklagen blir levert skriftleg, men du har også høve til å setje han fram munnleg ved personleg frammøte hjå namsmannen. I forliksklagen må du kort melde frå om kva det er som blir kravd og grunnlaget for det. Du må dessutan gje opp utførleg namn og adresse til den innstemnde.

Sekretariat for forliksrådet er politi/lensmann som blir utført som ei siviloppgåve.

Vedlegg

All dokumentasjon, som klargjer kravet, skal leggjast ved, jf. Tvl. § 6-3, 5-3.

Søknaden sendes til

Forliksklage skal sendast til forliksrådet i den kommunen den innstemna bur eller har forretningsstad.

Moglegheit til klage

Dom i forliksrådet kan ikkje ankast til tingretten, men må reisast på nytt i tingretten, jf. Tvl. § 6-14.