Separasjon og skilsmisse

Separasjon og skilsmisse

Generelt

Omtale

Ektefellar eller registrerte partnarar som ikkje lenger vil leve saman, kan søkje om separasjon og skilsmisse. Korkje separasjon eller skilsmisse krev at partane er samde om det. Det er tilstrekkeleg at den eine ikkje lenger ønskjer at samlivet skal fortsetje.

Målgruppe

Par som lever i ekteskap eller registrert partnarskap

Kriterium/vilkår

For å bli separert er det einaste vilkåret at den eine eller begge partane ikkje lenger ønskjer å leve saman. Skilsmisse kan gjevast på to forskjellige grunnlag:
  • når paret har vore formelt separert i minst eitt år. Partane må sjølve søkje om skilsmisse
  • når paret har levd åtskilt i to år utan formelt sett å ha vore separert
Ektefellar med felles barn under 16 år skal møte til mekling før saka blir bringa inn for retten eller fylkesmannen. Føremålet med meklinga er å komme fram til ein avtale om foreldreansvaret, samvereretten eller om kor barnet/borna skal bu fast.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Søknad om separasjon og skilsmisse framsetjast på skjema fastsett av Barne- og familiedepartementet. Søknadsskjema får du ved å vende deg til Fylkesmannen. Fylkesmannen vil også kunne gi nærmare opplysningar om framgangsmåten.

Vedlegg

Vigslingsattest og gyldig meklingsattest. Det er berre i dei tilfella der paret har felles barn under 16 år at meklingsattest må leggjast ved.

Søknaden sendes til

Saksbehandlingstid

Saka skal behandlast så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein ventar å gjere vedtaket.

Søknadsbehandling

Når søknad om separasjon eller skilsmisse er mottatt hos Fylkesmannen, kan partane innkallast til eit personleg møte dersom Fylkesmannen meiner det er hensiktsmessig. Fylkesmannen skal i alle saker der det er mogleg, innhente stadfesting på at paret har levd åtskilt i separasjonstida og ikkje gjenopptatt samlivet. Etter dette blir det gjort eit vedtak der det går fram om skilmisse blir innvilga.

Moglegheit til klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstans er Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen hos Fylkesmannen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

Partane kan på førehand seie frå seg retten til å påklage vedtaket.