Reguleringsplan - offentleg

Reguleringsplan - offentleg

Generelt

Nettressursar

Kommunekart.com

Planregister (WebPlan, GIS/Line)

Omtale

Ein reguleringsplan (detaljplan) blir laga for å vise utnytting og vern av grunn, vassdrag, sjøområde, utbygde område og det ytre miljøet i heradet. Reguleringsplanen kan omfatte eitt eller fleire føremål, t.d. byggjeområde, landbruksområde, offentlege trafikkområde, friområde osb. Grunneigarar, rettshavarar og innbyggjarar har rett til å uttale seg når planen blir laga, og kan klage på kommunen sitt vedtak av planen. Heradet skal difor
  • offentleg informere om at det skal utarbeidast ein plan, og om korleis medverknaden ev. skal vere
  • leggje planen ut til offentleg ettersyn
  • i begge tilfella informere grunneigarar og rettshavarar skriftleg dersom det er mogleg
Ved regulering og omregulering av område som er utbygde frå før, skal heradet leggje til rette for aktiv medverknad frå involverte enkeltpersonar og grupper.

Målgruppe

Grunneigarar, rettshavarar, næringsdrivande og andre involverte

Kriterium/vilkår

Reguleringsplanar blir utarbeidde mellom anna for område i heradet
  • når heradet har vedtatt det i arealdelen i kommuneplanen
  • når det er nødvendig for oversiktsplanlegginga i heradet
  • dersom det skjer endringar i bygningsmassen pga. øydeleggingar (t.d. brann)
For større byggje- og anleggsarbeid er det ei plikt å utarbeide reguleringsplan for området. Overordna planar på nasjonalt nivå, fylkesplan og kommunen sin eigen arealplan er retningsgivande for planane.

Samarbeidspartnere

Offentlege styresmakter og organisasjonar med særleg interesse for reguleringsplanen blir trekte inn i førebuingane. Nabokommunar, fylkeskommunar og statlege fagorgan skal uttale seg (med ein gitt frist) om planen før vedtak i heradstyret, og kan fremje innvendingar mot planen.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Plan- og bygningsloven §§ 15, 23-28, 33.1 og 42

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Fleire opplysningar i tillegg til kunngjering i media kan du få ved å vende deg til heradet, som også vil kunne hjelpe deg med å utforme merknader eller klagar.

Saksbehandlingstid

Tida avheng av kor kompleks saka er.

Søknadsbehandling

Det faste utvalet for plansaker har på oppdrag frå heradstyret ansvaret for å utarbeide forslag til reguleringsplanar. Planane blir utarbeidde av fagkunnige og i samråd med samarbeidspartar og involverte. Planutvalet avgjer når saka skal ut til offentleg ettersyn (i minst to aviser). Grunneigarar og rettshavarar skal informerast skriftleg dersom det er mogleg. Fråsegner og innvendingar følgjer saka til behandlinga i planutvalet og deretter til kommunestyret, som gjer vedtak. Kommunestyret skal gjere vedtaket seinast tolv veker etter at planforslaget er ferdigbehandla i planutvalet. Vedtaket blir kunngjort offentleg med informasjon om klagehøve og opplysning om korleis eventuelle erstatningskrav skal fremjast.

Høve til å klage

  • Heradet sitt endelege vedtak kan påklagast. Både partar og andre med rettsleg klageinteresse kan påklage saka. Klagen må fremjast innan tre veker frå kunngjering av vedtaket. Klagen kan ikkje gjelde forhold som har vore avgjort tidlegare gjennom klage eller innvending på reguleringsplan eller utbyggingsplan. Klagen stilast til Fylkesmannen og sendast til det faste utvalet for plansaker. Utvalet kan anten foreslå at heradstyret endrar vedtaket eller sende klagen til Fylkesmannen, som avgjer saka. Fylkesmannen sitt vedtak er endeleg.
  • Krav om erstatning må fremjast innan tre år etter kunngjeringa.
  Heradet vil kunne gje råd ved utforming av merknader, klagar, osb.