Psykisk helse

Psykisk helse

Generelt

Omtale

Halvparten av befolkninga opplev ein eller annan gong i løpet av livet at dei får psykiske problem.  Men veldig mange veit lite om kvar dei kan henvenda seg for å få hjelp.

Ynskjer du kontakt med oss?

Du finn oss i Heradshuset fyrste etasje, tlf. 53 67 15 00. Der kan me gje tilbod om samtalar og vidare oppfølgjing.  Me er og aktive i felten, der heimebesøk er ein stor del av kvardagen vår.  Me har eit godt samarbeid med Folgefonn DPS (distriktspsykiatrisk senter), FACT team og legane i heradet. Tilbodet vårt er gratis.

Fokuset er å  skapa ein meiningsfull kvardag for kvar enkelt brukar.

Kontaktinformasjon

  • Leiande psykiatrisk sjukepleiar  Trude Kraakevik, 53 67 15 24  mob; 907 99 080
    ·         Sjukepleiar  Siri Husevold  53 67 15 25  mob, 904 01 058
    ·         Klinisk sosionom Monika Lid, 53 67 15 23  mob 911 20 402

HJELPA du treng, er avhengig av kor store problem du har, og kva symptom du får.  Psykiske problem kan vera alt frå letteare depresjonar og uro, til panikkangst, eller psykosar som betyr at du får vrangførestillingar og mistar kontakten med omverda.

KOR SNART MÅ DU BE OM HJELP?  Det er normalt å ha det vanskeleg med tankar og følelsar i periodar, og for dei fleste går det over.  Men dersom du opplev at problema varer over tid og du ikkje orkar eller klarar å gjera det du vanlegvis gjer, bør du søkja hjelp.  Det kan samanliknast med forkjølelse.  Dersom den varar i nokre dagar ellert ei veke, er det ofte ikkje nødvendig å oppsøkja lege. Men dersom den varar i tre-fire veker eller endå lengre, vil dei fleste ta kontakt med lege for å sjekka om det kan vere noko gale.  Jo tidlegare du ber om hjelp, jo større er moglegheitene for at du blir fort bra og at problema ikkje utviklar seg.

KVAR TEK DU KONTAKT? I kritiske eller livstruande situasjonar skal du straks ringa Øyeblikkeleg hjelp på telefon nummer 113.  Forklar kva som har hendt, fortel kva telefonnummer du ringer frå.  Dersom situasjonen ikkje er akutt, det vil sei at det ikkje er fare for liv og helse, kan du kontakta fastlegen din eller næraste legevakt.

FASTLEGEN Legen vil snakka med deg, og undersøkje deg, for å finna ut meir om dine psykiske plagar.  Deretter vil legen diskutera med deg kva som skal gjerast vidare.  Legen kan gje tilbod om behandling for lette moderate psykiske lidingar - både gjennom samtalebehandling og medisiner.

Alle personar i Noreg har fått tildelt fastlege.  Dersom du lurar på kven som er din fastlege, kan du ringa Fastlegetelefonen 810 59 500 eller kontakta NAV der du bur.  I Ullensvang 815 81 000

PSYKOLOG  I mindre alvorlege tilfelle kan fastlegen gi deg henvising til ein psykolog eller psykiater som kan gje deg behandling.  Ofte er det samtaleterapi, kanskje kombinert med medisiner.

DPS. Fastlegen kan også henvisa deg vidare til ein spesialist ved eit distriktspsykiatrisk senter (DPS).  Her får både personar som har akutte psykiske problem og personar med behov for langtidsoppfølgjing hjelp.  Eit distriktspsykiatrisk senter består av helsepersonell fra ulike yrkesgrupper, og er bygd opp i alle landets fylker.

AKUTTAVDELING PÅ SJUKEHUS.  Er du veldig sjuk og treng mykje hjelp, kan du bli innlagt på akuttavdelinga ved eit sjukehus.  Når du kjem heim etter å ha vore til behandling, vil du få oppfølging av fastlegen din eller ved DPS, eller ved den psykiske helsetenesta i heradet.

Kilde: Helsedirektoratet