Pedagogisk-Psykologisk teneste

Pedagogisk-Psykologisk teneste

Generelt

Omtale

Dei pedagogisk-psykologiske teneste i ein kommune er lovfesta i Opplæringslova . Det er ei teneste der foreldre, lærarar, barnehagetilsette, helsepersonal og andre kan søkja råd i spørsmål som gjeld opplæring, trivsel og tilpassing for barn og unge.

Tenestene gjeld barn og unge frå 0 til 16 år. Dei gjeld også spesialundervisning for vaksne. Tenesta skal også hjelpa barnehagane, skulane og kommunane i arbeidet med kompetanse-utvikling og organisasjonsutvikling for å leggja til rette for barn og unge med særlege behov.

Problemområde og tiltak

Personalet ved PPT-kontoret arbeider på mange felt. Dei har til oppgave å kartleggja, gi råd, koma med forslag til tiltak og spesialundervisning, og å koordinera desse tiltaka. Størstedelen av dette arbeidet legg personale ned i kontakt med barn og unge med:
  • Spesifikke lærevanskar, f.eks. lese- og skrivevanskar(dysleksi ) og matematikkvanskar(dyskalkuli )
  • Generelle lærevanskar og forskjellige typar av funksjonshemmingar
  • Språk-, tale- og kommunikasjonsvanskar
  • Sosiale og emosjonelle vanskar, f.eks. tilpassingsvanskar, mobbing, mistrivsel, overdrivne sinne- og raseriutbrot osv.

Mange av dei tiltaka som kjem desse barna og unge til gode, har ofte samanheng med korleis skular og barnehagar organiserer sine tiltak og si opplæring. Personalet ved PPT-kontoret har ei rettleiarrolle når skular og barnehagar skal planleggja og organisera si verksemd. Dette gjeld spesielt i forhold til den opplæringa som barn og unge med særlege behov skal ha. Kontoret gir også uttale og råd til leiinga på kommunenivå vedk. tiltak for barn og unge.

Voss PPT og Ullensvang


F.o.m. 01.01.05 gjekk Ullensvang inn i eit interkommunalt samarbeid med Voss PPT. Hovudkontoret er på Voss. Kontoret dekkjer kommunane Aurland , Eidfjord , Granvin , Ullensvang, Ulvik og Voss . Kontoret rår over 8 1/2 fagstillingar. Dei tilsette har spesialistkompetanse innanfor spesialundervisning i skulen, spesialpedagogiske tiltak i barnehagen, psykologi, logopedi, læringsteori, utredningsmetodikk, samtaleteknikk, rådgjeving osv.

Ullensvang har eit avdelingskontor under Voss PPT. PP-rådgjevar Svein Eide bestyrer dette underkontoret, med kontorstad i Kinsarvik. Svein Eide er kontaktperson for alle skulane og for administrasjonen i heradet. PP-rådgjevar Nina Ludvigsen er kontaktperson for barnehagane i heradet. Ho har fast kontorstad på Voss, men er i Ullensvang med jevne mellomrom. Også andre ved kontoret har saker dei arbeider med i Ullensvang.

Kontaktvilkår


Foreldra kan sjølv tilmelda barnet sitt til PPT utan at skule eller barnehage treng å vita det. Når andre enn foreldra ønskjer at PPT skal kontaktast, må alltid foreldra vera samd i det(skriftleg). Personalet ved PPT-kontoret har teieplikt etter særlov. Alle tenestene ved kontoret er gratis.  

Kontaktinformasjon


Besøksadresse hovudkontoret: Kontaktpersonen i Ullensvang

Miltzowsgtr. 2

5700 Voss

Lisbeth Rognes
Postadresse hovudkontoret:  

Miltzowsgtr. 2

5700 Voss

 

Telefonnr hovudkontoret:

Tlf: 56 51 47 80

Fax: 56 52 04 91

 

E-post hovudkontoret:

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.