Ordføraren

Ordførar Solfrid Borge

Solfrid Borge

Tlf:  53 67 15 07

Mobil: 952 43 044

E-post: solfrid.borge@ullensvang.herad.no 

Postliste/offentleg journal

På postlista vår finn ein journalopplysningar til inn- og utgåande post. Me har ikkje valt å publisera tekstdokument direkte på postlista, om du ynskjer å sjå dokuemtet som høyer til jouranalopplysningane må du ta kontakt med sakshandsamar.

Postlista går 3 månader tilbake i tid, og inneheld post som er meir enn tre dagar gamal. Om du ynskjer innsyn i noko eldre enn dette kan du ta kontakt med Service- og dokumentsenteret (53671500 / Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.) og me vil hjelpa deg.

Me vil gjere merksam på at journalopplysningar knytt til dokument som arkiverast i heradet sine mange fagsystem ikkje er tilgjengelege frå vår postliste.
Dette gjeld først og fremst arkiv knytt til personar, slik som t.d. klientarkiv og pasientarkiv i helse og omsorg. I tillegg er ein del arkivdelar i sak-/arkivsystemet som stort sett inneheld sensitiv informasjon, som også er utelatt frå postlista. Dette gjeld elevarkiv, personalarkiv, og innkrevingsarkiv.

Politiske møte (Utvalg)

Du finn og politiske møte med innkallingar og protokollar. Innkallingane er fullstendige med saksframlegg og vedlegg. Me har publisert utvalsmøte tilbake til 2006. Om du leiter etter eldre ting må du ta kontakt med Service- og dokumentsenteret: 53671500 / Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. og me vil hjelpa deg.