Ullensvang Logopedkontor

Ullensvang Logopedkontor

Generelt

Skjema

pdf Ynskje om kontakt med spesialpedagog eller logoped (41 KB)

Omtale

Ullensvang logopedkontor jobbar spesialpedagogisk og logopedisk i heradet. 

Ein spesialpedagog jobbar med språk- og lærevanskar, sosio-emosjonelle vanskar og elles særlege pedagogiske behov som eit barn måtte ha. 

Ein logoped jobbar med språk- og uttalevanskar, taleflytvanskar og stemmevanskar hos både barn og vaksne.  

Som foreldre eller pårørande kan du få informasjon og rettleiing om den aktuelle vansken dersom du har trong for det. 

Lokalitet

Dei tilsette reiser mykje rundt til skulane, barnehagane og sjukeheimane i heradet. Det fysiske kontoret finn du i kjellaren under legekontora på Utne, eitt minutts gange frå ferjekaien. Det står «Fysioterapiavdelinga» på ytterdøra. 

Tilsette

Kari Bjørkavoll Eitrheim arbeider 80% som spesialpedagog. 

Marianne Bergland arbeider 80% som logoped og 20% som spesialpedagog. 

Grethe-Lill Eide arbeider 20% som logoped. 

Kontaktinformasjon

Du kan få tak i Ullensvang logopedkontor via brev, telefon eller e-post. 

Adresse: Ullensvang logopedkontor, Utne legesenter, 5778 Utne

Telefon: 53 66 69 03 (kontoret), 900 72 397 (Kari), 468 39 357 (Marianne), 416 59 498 (Grethe-Lill)

E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Tilvising

For å kunne jobba direkte med ein sak, må saka verta tilvist Logopedkontoret.

Skjema: pdf Ynskje om kontakt med spesialpedagog eller logoped (41 KB)