Vernepleiar 100 % fast stilling i tenesta for funksjonshemma

Tenesta for funksjonshemma er lokalisert i Kinsarvik i vakre Hardanger. Tenesta yt tenester til personar som har eit særlig hjelpebehov på grunn av utviklingshemming/funksjonshemming. Tenestene vert gitt etter prinsippet om hjelp til sjølvhjelp.

Tenesta har ledig 100 % fast vernepleiarstilling for faglig dyktig og engasjert vernepleiar. Andre med relevant helsefagleg/sosialfagleg utdanning på høgskulenivå oppfordres til å søka. Stillinga inngår i fastsett turnus for tida med langvakter på vekedagar og 4. kvar helg med langvakter/døgnvakter.

Arbeidsoppgåver:

  • Tilsett har ansvar for tenesteyting, og følgjer bebuar i alle gjøremål.
  • Målretta miljøarbeid
  • Utvikling, oppfylging og evaluering av tiltak/planar
  • Samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Fagansvar
  • Vegleiing av anna personell
  • Du skal vere med å bidra til at tenestemottakarane får individuelt tilpassa tenester, at dei har ein meiningsfylt og aktiv kvardag i tråd med lovverk, fagleg kjende metodar og etiske retningslinjer.

 

Utdanningskrav:

  • Autorisasjon som vernepleiar. Eller relevant helsefagleg/sosialfagleg utdanning på høgskulenivå

Kvalifikasjonar

  • Kompetanse i systematisk og målretta miljøarbeid
  • Du har fagleg og personleg styrke til å handtere ulike situasjonar.
  • Du har erfaring frå målretta miljøarbeid for personar med utviklingshemming.
  • Du innehar gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.

       Personlege eigenskapar:

  • Fagleg engasjert
  • Påliteleg
  • Du er sjølvstendig og målbevisst, har stå på vilje og godt humør.
  • Du har gode samarbeidsevner og er fleksibel og omgjengeleg. Du vil delta aktivt i å skapa eit godt arbeidsmiljø.
  • Du likar å vere i fysisk aktivitet og tek utfordringar på strak arm.

 

       Me kan tilby:

  • Tid til administrativt arbeid
  • Varierte arbeidsoppgåver
  •  Ei teneste i utvikling der du får vere ein aktiv deltakar og pådrivar i utviklingsarbeidet
  • Kjekke kollegaer

 

Stillinga er ledig frå 1. november 2019.

Referansar:

Det er ønskeleg at du oppgjev 2 referansar.

Kontaktinfo:

Tenesteleiar Lena Fresvik tlf. 46 89 48 65, eller avdelingsleiar Siv Beate Bakke tlf 97 07 35 04

Søknadsfrist: 25.10.2019

Søknad merka  ST.NR. 19/797 sender du her:  Skjemaportal Ullensvan herad

Politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.