Ledig fastlegeheimel ved Odda Legesenter i Ullensvang kommune

 Ledig fastlegeheimel ved Odda Legesenter i Ullensvang kommune

Klikk HER for å sjå framvising av fastlegeheimelen.

Ullensvang kommune er ein ny kommune frå 01.01.2020. Den nye kommunen er ein samanslåing av Odda kommune, Ullensvang herad og Jondal kommune.

Ullensvang kommune har rundt 11 000 innbyggjarar med 5 senter: Odda, Røldal, Kinsarvik, Utne og Jondal. Me har gode moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar både sommar og vinter, med Folgefonna og Hardangervidda innan kort rekkevidde. Trolltunga, Låtefoss, Folgefonna med Buerbreen og Dronningstien er kjende turistattraksjonar. Kommunen er vertkommune for sjukehus og vidaregåande skule, me har god barnehagedekning og skulefritidsordning.

I den nye kommunen har me 16 fastlegeheimlar fordelt på 4 legekontor.

 Odda Legesenter har 9 fastlegeheimar, utekontor Røldal

 Utne Legekontor har 2 fastlegeheimlar

 Lofthus Legekontor har 3 fastlegeheimlar

 Jondal Legekontor har 2 fastlegeheimlar

Kommunen har i dag 2 LIS 1 legar som har kontorstad ved Odda Legesenter og Utne Legekontor.

Den ledige fastlegeheimelen er lokalisert ved Odda Legesenter som er eit nytt legesenter med 9 fastlegeheimlar. Alle 9 heimlane er bemanna med faste legar. Det er blanding av nye, unge legar og legar med erfaring. Det er både private fastlegar med kommunal avtale og legar som er kommunalt tilsett.

Kommunen er registrert som utdanningsinstitusjon og har erfaring med å organisere spesialistutdanning. Kommunen har sidan hausten 2017 deltatt i ALIS VEST prosjektet med 2 legar.

Som fastlege i kommunen kan det tilpliktast kommunale offentlege oppgåver inntil 7,5 timar/veke.

Som fastlege i kommunen er ein med i den interkommunale legevakttenesta. Odda interkommunale legevakt er ein av tre legevaktstasjonar i Hardanger og Voss legevaktdistrikt som i tillegg har legevaktstasjonar på Voss og i Kvam. Legevaktstasjonen er i dag stasjonert ved Odda sjukehus. Vår ref. Arkivkode Dato: 2019013951 K1-411 27.09.2019 Ullensvang kommune

Søkaren må ha:

 Norsk autorisasjon som lege

 Meistre norsk språk skriftleg og munnleg

 Ha gode samarbeidsevner

 Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

 Det må framleggast politiattest før tilsetjing

Kommunen kan tilby:

 Høgt fagleg nivå på tenesta

 Organisere spesialistutdanning innan allmennmedisin

 Eit godt arbeidsmiljø

 God barnehagedekning

 Hjelp til å skaffe bustad

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å henvenda seg til verksemdsleiar Marit Dagestad på tlf.: 975 58 522

 Søknad kan sendast via Odda kommune sitt søknadsskjema som ein finn her: https://www.odda.kommune.no/selvbetjening/  

Søknadsfrist: 22.10.19