100 % vikariat som helsesjukepleiar ved Ullensvang helsestasjon

Stilling nr. 19/694

Ullensvang herad har ledig 100% vikariat som helsesjukepleiar ved Ullensvang helsestasjon. Tiltreding frå 01.11.19.

Vikariatet varar i perioden 01.11.19 til 23.10.20. med moglegheit for forlenging.

Hovudarbeidsoppgåver:

Helsestasjonstilbodet er av førebyggjande og helsefremjande art og omfattar svangerskapsomsorg, helsestasjon for barn frå 0-5 år, skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom (HFU).

Arbeidsoppgåvene lagt til stillinga vil i hovudsak vere skulehelseteneste på barne- og ungdomskule. Ved kommunesamanslåing januar 2020 kan det verta aktuelt med andre arbeidsoppgåver innan helsestasjonstenesta.

Du vil delta i eit godt tverrfagleg samarbeid med ulike faggrupper og få utfordrande arbeidsdagar i eit godt og kompetent fagmiljø. Me har eit fast fagprogram og eit årshjul som vert fulgt på bakgrunn av myndigheitenes anbefalingar for helsestasjonstenesta.

Kvalifikasjonar for stillinga:

Sjukepleiar med godkjend helsesjukepleiarutdanning.
Det vert lagt vekt på om du er skikka til stillinga.
Om det ikkje melder seg kvalifiserte helsesjukepleiarar kan sjukepleiarar tilsetjast i ein tidsbegrensa periode.

Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta. God munnleg og skriftleg framstillingsevne.

Du må disponera eigen bil i tenesta. Før tilsetjing må det framleggjast politiattest.

Lønsvilkår:

Etter hovudtariffavtale

Arbeidsstad:

Ullensvang helsestasjon har hovudkontor på Heradshuset, 5780 Kinsarvik med underavdeling på Utne lækjarkontor, 5778 Utne. Frå kommunesamanslåing januar 2020 kan det verte endringar i plassering av hovudkontor.
Nærare opplysningar får du ved å ta kontakt med konstituert leiande helsesjukepleiar, Sigrid Kambestad på tlf: 416 97 183.

Stilling nr. 19/694

Søk på stilling

Søknadsfrist: 30.09.2019.