Ledig lærarstilling ved Kinsarvik skule

Kinsarvik skule er ein barne-og ungdomsskule med rundt 176 elevar frå 1. – 10. klasse, og ca. 40 tilsette som arbeider ved skulen. Me treng ein dyktig medarbeidar som likar å arbeida i eit hektisk, triveleg og spanande miljø. Me har fokus på klasseleiing, fagfornyinga og det å skape eit godt læringsmiljø for elevane.

LÆRARSTILLING 100 % fast

Det vert ledig lærarstilling i 100 % frå skuleåret 2019-2020. Du som søkjer er ein trygg og engasjert lærar som likar å samarbeida og er fleksibel. Du må vera førebudd på å undervisa i dei fleste fag, men me etterspør særleg kompetanse i norsk og spes. ped,. Me vil vektlegga dine personlege eigenskapar, utdanning og praksis.

 

Lønns- og arbeidsvilkår

Tilsetjing og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

 

St. Nr. 19/583

Søk elektronisk her.

 

For meir informasjon kontakt:

Rektor ,  Dagny Opedal mobil 41 62 19 81

Søknadsfrist: 1. august 2019