Engasjement som sakshandsamar Landbruk.

Ullensvang herad har ledig engasjement som sakshandsamar ved landbrukskontoret.

Engasjementet er inntil 100 % stilling til 31.12.19.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vera knytte til landbruksfaglege oppgåver, med hovudvekt på handsaming av saker etter jordlova og konsesjonslova i Ullensvang herad og Odda kommune. Det kan bli aktuelt med handsaming av delingssaker etter plan- og bygningslova i Ullensvang herad. I tillegg vil du bidra inn i fagmiljøet og til andre oppgåver innan tenesta for samfunnsutvikling. Oppgåvene kan verta endra. Stillinga vil ligga til tenesta for Samfunnsutvikling i Ullensvang herad. Ullensvang herad sel landbruksfaglege tenester til Kvam herad og Odda kommune.

Ynskte kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning, helst innan landbruksfag eller juridiske fag
  • Kjennskap til aktuelt lovverk og erfaring frå fagområda
  • Gode evner til skriftleg presentasjon. Administrasjonsspråket i Ullensvang herad er nynorsk.

Eigenskapar:

  • Evne til å arbeida systematisk
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Fleksibilitet og positiv innstilling
  • Gode gjennomføringsevner og evne til å ta avgjerder

Me tilbyr:

  • Løn etter avtale
  • Inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
  • Tilsetjinga skjer etter gjeldande lover, tariffavtale og reglement.

Den som vert tilsett mådisponera eigen bil i tenesta. Dersom du finn stillinga interessant og kan tenkja deg å arbeida i Ullensvang herad, er du velkomen som søkjar.

Nærare opplysningar er å få hjå: Fagleiar landbruk Trygve Vik, telefon 900 69 759

E-post Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

eller

Tenesteleiar teknisk drift Marit Ystanes, telefon 926 82 815, E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Søknad skal sendast elektronisk. Fullstendig søknad merka St.nr. 19/537 , vedlagt rettkjende kopiar av vitnemål og attestar sender du inn på https://e-skjema.no/Ullensvang/

Søknadsfrist 22. juli 2019.