100% verksemdsleiar renovasjon Ullensvang kommune

Verksemdsleiar Renovasjon

Vi har ledig ein spennande og utfordrande stilling som verksemdsleiar  i Ullensvang kommune.

No søkjer vi ein drivande og utviklingsorientert sjef til overordna og koordinerande leiing av den kommunale renovasjonen i Ullensvang kommune

Tenesteområde:

Ullensvang kommune har dyktige fagfolk og avdelingsleiar på renovasjonen. Verksemdsleiar har det faglege, økonomiske og administrative ansvaret for verksemda. Oppgåvene og ansvaret dekkjer felta innanfor hushaldningsrenovasjon, næringsrenovasjon og drift av miljøanlegg.

Leiaroppgåver:

Fagleg og administrativ leiing av verksemda. Bidra til å skapa positiv utvikling av medarbeidarar og den samla kompetansen. Sikra god økonomistyring og resultatoppfølgjing. Leggje til rette for godt samarbeid med andre verksemder og innbyggjarar,  myndigheiter og eksterne aktørar. Sørge for at utvikling- og drift går hand i hand.

 

Kvalifikasjonar for stillinga:

Utfordringane i stillinga krev leiarrøynsle frå kommunesektoren, eller frå større tekniske miljø i næringslivet.  Du må ha høgare utdanning, helst innanfor fagområdet som du skal leia.  Mestre norsk språk godt.

Personlige eigenskaper:

Vi søker etter ein strukturert, fleksibel og løysingsorientert person som skal vera ein pådrivar i utviklinga av, renovasjonen, tekniske tenester og Ullensvang kommune. Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskaper som evne til samarbeid, heilhetsforståing, lojalitet og kreativitet.

 

Lønsvilkår:

Løn etter avtale

Ullensvang kommune kan tilby:

  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver.
  • Dyktige kollegaer.
  • Konkurransedyktige vilkår.

Har du spørsmål vedrørandre stillinga ta kontakt med kommunalsjef for teknikk og miljø:

Anton Langeland, tlf: 97558602 eller e-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.  

Søk på stilling

Søknadsfrist: 23.06.19