Godkjend allmennlege, Allmennlegespesial ist- eller LIS stilling ved Lofthus legekontor

Ullensvang herad har frå 1. september 2019  ledig på Lofthus legekontor:

1 fastlege stilling  (Frå 01.09.2019)

1 ledig fastlege vikariat ( I perioden 01.09.2019-31.08.2020)  

Lofthus legekontor har 3 legar og har p.t. ca 2150 pasientar. Ullensvang herad har i tillegg Utne legekontor, der det er to legestillingar og stilling for turnuskandidat.

Heradet har nett vedteke å gå vidare med mulighetsstudie/forprosjekt for helse- og omsorgssenter i Kinsarvik, slik at legetenesta kan ta i bruk nye lokale samlokalisert med andre helse- og omsorgtenester i heradet. Kommunane Jondal, Odda og Ullensvang vil frå 2020 vera ein kommune, og arbeide med dette er også i støypeskeia. Dei nytilsette vil saman med kollegaer vera med på utforming av framtidige helse- og omsorgstenester.

Elles dei tre kommunane om felles Ullensvang interkommunal legevakt lokalisert til Odda sjukehus, der det no er 13-delt vakt på legevaktstasjonen.

Kvalifikasjonar:

Vi vektlegg at du har gode evner i norsk munnleg og skriftleg, positiv innstilling og fagleg engasjement som gjer deg eigna til jobben.

  • Søkjarar må være spesialist i allmennmedisin, godkjent allmennlege eller under spesialisering for å verta allmenlege.
  • Søkjarar må ha norsk autorisasjon som lege (ref. Forskrift om rett til trygderefusjon mars 2017) og norskkunnskapar på eit høgt nivå. Søkarar som ikkje har skandinavisk bakgrunn, må dokumentere sitt språknivå. Kravet er nivå C1 (Bergenstesten).
  • Erfaring og personleg egnethet vil bli vektlagt. Det forutset at søkjarane er, eller blir, spesialistar i allmennmedisin i tråd med forskriftskrav gjeldande frå 2017.

Ullensvang herad søkjer deg som:

  • Er motivert til å arbeide med allmennlegeoppgåver i kommunen
  • Ønskjer å bidra til ei god folkehelse
  • Har førarkort for personbil
  • Har tilgang til egen bil

 

Relevant erfaring er ein føremon, men nyutdanna blir òg oppmoda om å søkja. Ny forskrift om kompetansekrav for legar i den kommunale helse- og omsorgstenesta krev at legar i kommunehelsetenesta må vera spesialist i allmenn medisin eller under slik utdanning

 

Sjå vår heimeside www.ullensvang.herad.no.

For nærare opplysning kontakt verksemdsleiar Jørgen Lerik Ninn tlf . 91 33 85 70, Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Dei tilsette legane vil verta viktige medspelarar til å forma helsetenesta vår i åra som kjem.

Søknad og CV merka st.nr 19/379 skal sendast elektronisk, gå inn på https://e-skjema.no/ullensvang/ .

Søknadsfrist 31.05.2019