Ullensvang herad har  ledige midlertidige stillingar i levekårssatsinga  

Ullensvang herad har  ledige midlertidige stillingar i levekårssatsinga  

  • 50% prosjektmedarbeidarknytt til kartlegging og familieoppfylging i perioden 01.01.2019- 31.03.2019
  • 100% prosjektleiar med arbeidsoppgåvermellom anna  innanfor sosialt entreprenørskap,  knytt til prosjektering, samhandling  og etablering/drift av nye arbeidsplassar i heradet i perioden 01.01.2019-31.12.2019

 

Prosjektmedarbeidar 50% stilling

Kvalifikasjonskrav:

3 årig sosialfagleg høgskuleutdanning

Arbeidsoppgåver:

Sluttføra kartleggings og utviklingsarbeidet knytt til tenester for levekårsutsette familiar.

Oppfylging av familiar som er inkludert i utviklingsarbeidet

Utarbeiding av prosjektrapportar

 

Prosjektleiar 100% stilling

Kvalifikasjonskrav:

3 årig høgskuleutdanning innanfor økonomi/reiseliv/prosjektarbeid og med relevant erfaring frå fagfelta. Leiarerfaring.
Arbeidsoppgåver:

Ansvar for leiing,  prosjektering og gjennomføring

Evne til sjå og utvikle ressursar og talent hjå deltakarane i prosjektet

 

For begge stillingane ynskjer me at du har:

God munnleg og skriftleg framstillingsevne.

Evne til sjølvstendig og systematisk arbeid.

Evne til å motivera og leggja til rette for at einskildpersonar kan nytta si kompetanse til relevante arbeidsoppgåver.

 

Me ynskjer at du er:

Fleksibel, løysingsorientert og har evne til å arbeide i team

Oppteken av å skape god dialog og relasjon med deltakarane

God til å motivera, inkludera, og skapa tryggleik og mestringskjensle for deltakarane.

Det vert lagt stor vekt på personleg eigenskapar til stillinga.

 

Me kan tilby:

Spanande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver

Tilsetjing i kommunal stilling og løn etter avtale

Fleksibel arbeidstid

Det kan verta aktuelt å tilsetja med erfaring frå tilsvarande arbeid.

 

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til:
Nav leiar Ingvild Sperrevik mob 97098764

Søknad merka St. Nr. 1/1163 og CV sender du elektronisk: Sjå Ullensvang herad sin søknadsportal.
Søknadsfrist: 15.12.2018