Ledig stilling ved Kinsarvik skule

Ved Kinsarvik skule vert det ledig fylgjande stillingar:

- 52 %  stilling som fagarbeidar/assistent frå 01.01.20 til 31.07.20.   

- 67 %  engasjement som assistent frå dags dato fram til 31.07.20. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett snakkar Sør-Sudansk.

Søknadsfrist 04.12.19

Send søknad merka St.nr. 19/871 på søknadsportalen vår.

Nærare opplysningar om stillinga ta kontakt med rektor Dagny Opedal tlf. 41621981 eller inspektør Fredrik Tveit tlf. 48181660

Ledige stillingar i Kinsarvik barnehage


- Vikariat som pedagogisk leiar/barnehagelærar, 100 %, i tidsrommet 01.01.2020 tom 11.08.2020.

Dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar, kan stillinga verta gjort om til assistent/barne- og ungdomsarbeidar stilling.

- Vikariat i 40 % som barne-og ungdomsarbeidar/assistent, 20 % frå 01.01.2020, og 20 % frå 03.02.20 tom 11.08.2020.

Søknadsfrist: 01.11.2019

 Søknad merka  ST.NR. 19/799 sender du her:  Skjemaportal Ullensvan herad

100 % vikariat som helsesjukepleiar ved Ullensvang helsestasjon

Stilling nr. 19/694

Ullensvang herad har ledig 100% vikariat som helsesjukepleiar ved Ullensvang helsestasjon. Tiltreding frå 01.11.19.

Vikariatet varar i perioden 01.11.19 til 23.10.20. med moglegheit for forlenging.

Hovudarbeidsoppgåver:

Helsestasjonstilbodet er av førebyggjande og helsefremjande art og omfattar svangerskapsomsorg, helsestasjon for barn frå 0-5 år, skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom (HFU).

Arbeidsoppgåvene lagt til stillinga vil i hovudsak vere skulehelseteneste på barne- og ungdomskule. Ved kommunesamanslåing januar 2020 kan det verta aktuelt med andre arbeidsoppgåver innan helsestasjonstenesta.

Du vil delta i eit godt tverrfagleg samarbeid med ulike faggrupper og få utfordrande arbeidsdagar i eit godt og kompetent fagmiljø. Me har eit fast fagprogram og eit årshjul som vert fulgt på bakgrunn av myndigheitenes anbefalingar for helsestasjonstenesta.

Kvalifikasjonar for stillinga:

Sjukepleiar med godkjend helsesjukepleiarutdanning.
Det vert lagt vekt på om du er skikka til stillinga.
Om det ikkje melder seg kvalifiserte helsesjukepleiarar kan sjukepleiarar tilsetjast i ein tidsbegrensa periode.

Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta. God munnleg og skriftleg framstillingsevne.

Du må disponera eigen bil i tenesta. Før tilsetjing må det framleggjast politiattest.

Lønsvilkår:

Etter hovudtariffavtale

Arbeidsstad:

Ullensvang helsestasjon har hovudkontor på Heradshuset, 5780 Kinsarvik med underavdeling på Utne lækjarkontor, 5778 Utne. Frå kommunesamanslåing januar 2020 kan det verte endringar i plassering av hovudkontor.
Nærare opplysningar får du ved å ta kontakt med konstituert leiande helsesjukepleiar, Sigrid Kambestad på tlf: 416 97 183.

Stilling nr. 19/694

Søk på stilling

Søknadsfrist: 30.09.2019.

Ledig lærarstilling ved Kinsarvik skule

Kinsarvik skule er ein barne-og ungdomsskule med rundt 176 elevar frå 1. – 10. klasse, og ca. 40 tilsette som arbeider ved skulen. Me treng ein dyktig medarbeidar som likar å arbeida i eit hektisk, triveleg og spanande miljø. Me har fokus på klasseleiing, fagfornyinga og det å skape eit godt læringsmiljø for elevane.

LÆRARSTILLING 100 % fast

Det vert ledig lærarstilling i 100 % frå skuleåret 2019-2020. Du som søkjer er ein trygg og engasjert lærar som likar å samarbeida og er fleksibel. Du må vera førebudd på å undervisa i dei fleste fag, men me etterspør særleg kompetanse i norsk og spes. ped,. Me vil vektlegga dine personlege eigenskapar, utdanning og praksis.

 

Lønns- og arbeidsvilkår

Tilsetjing og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

 

St. Nr. 19/583

Søk elektronisk her.

 

For meir informasjon kontakt:

Rektor ,  Dagny Opedal mobil 41 62 19 81

Søknadsfrist: 1. august 2019

Fleire artiklar …

NAV

Nyhetsmatingen vart ikkje funnet.