Produksjonstilskot i jordbruket

Produksjonstilskot i jordbruket

Generelt

Omtale

Alle gardbrukarar kan søkje om produksjonstilskott. I produksjonstilskottet inngår ei gruppe ordningar som kan gjevast til drift av jordbruksareal, grønt- og potetproduksjon og husdyrhald etter satsar fastsett i eller i medhald av jordbruksoppgjeret. Formålet med produksjonstilskott er å bidra til eit aktivt og berekraftig jordbruk.

Målgruppe

Landbruksføretak som driv vanleg jordbruksproduksjon.

Kriterium/vilkår

Produksjonstilskot kan gjevast til føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon dersom verksemda er registrert i Einingsregisteret og

  • er registrert som meirverdiavgiftspliktig og kan levere årsoppgåve som landbruksføretak, eller
  • har hatt ein samla omsetnad og uttak av avgiftspliktige varer og tenester på til saman minimum kr 20 000 i løpet av dei siste 12 månadane før registreringsdato

Det er elles avgrensingar knytt til driftsfellesskap og eigarforhold. Tilskot blir gjeve etter satsar, sonar og definisjonar fastsett i eller i medhald av jordbruksoppgjeret.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Jordlova §§ 3 og 18

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Heradet avgjer søknader om produksjonstilskot. Du kan kontakte heradet for å få hjelp til å søkje om tilskotet.

Søknadsfrist

Gjeldande søknadsfrister er 20. august og/eller 20. januar, avhengig av kva for produksjonar det blir søkt om tilskot til.

Søknaden sendes til

Ullensvang herad
5780 Kinsarvik

Moglegheit til klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen i heradet som har gjort vedtaket. Dette gjeld sjølv om du har mottatt melding om vedtaket frå Statens landbruksforvaltning. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Heradet vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i heradet som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka gå vidare til Fylkesmannen.