Nydyrking av areal til jordbruksformål

Nydyrking av areal til jordbruksformål

Generelt

Omtale

Nydyrking kan berre skje etter ein plan som er godkjend av heradet. Ved avgjerda skal det leggjast særleg vekt på kva for verknader nydyrking vil ha for natur- og kulturlandskapsverdiar som landskapsbiletet (inkl. eksistarende tilgjenge til areal som ligg bakanfor), mangfaldet i naturen og kulturminne. Ved nydyrking skal det setjast att ein vegetasjonssone mot vassdrag etter nærare føresegner. Er nydyrking ikkje sett i verk innan tre år etter at godkjenninga er gjeven, fell løyvet bort.

Målgruppe

Gardbrukarar som ønskjer å utvide det dyrka arealet sitt.

Kriterium/vilkår

Ved godkjenning av nydyrking skal det m.a. leggjast vekt på at

  • det bør vere behov for å styrkje driftsgrunnlaget for driftseininga
  • nydyrkingstiltaket bør leggjast til rette for driftsmessig gode løysingar

Samarbeidspartnere

Statens landbruksforvaltning

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Jordlova § 11

Om søknadsprosessen

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Søknadsbehandling

Med søknaden skal det følgje ein plan for arbeidet. Planen skal m.a. innehalde opplysningar om tilgjenge, grøfting og framtidig drift av arealet. Den som ikkje sjølv har tilstrekkelege kunnskapar til å utarbeide planen, bør kontakte fagleg kvalifisert hjelp. Heradet kan rettleie deg.

Heradet gjer vedtak som førsteinstans. Før vedtak blir gjort, skal heradet innhente dei uttaler som er nødvendige og elles sørgje for at saka er så godt opplyst som mogleg. Omsynet til natur- og kulturlandskapsverdiar skal vurderast for større område uavhengig av eigedomsgrenser. Regional kulturminnemynde skal ha høve til å uttale seg. Samisk kulturminneråd skal ha høve til å uttale seg dersom nydyrkinga kan vedkomme deira fagområde. Fylkesmannen skal ha høve til å uttale seg der nydyrkinga kan vedkomme vesentlege miljøverdiar. Det skal setjast ein uttalelsesfrist på minst éin månad.

Moglegheit til klage

Dersom heradet avslår søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du oppgje kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Heradet vil kunne gje deg rettleiing.

Klageinstans er fylkeslandbruksstyret. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i heradet som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka bli sendt til fylkeslandbruksstyret.