Landbruksveg - bygging

Landbruksveg - bygging

Generelt

Omtale

Heradet skal godkjenne nybygging eller ombygging av landbruksvegar. Det skal leggjast vekt på at vegen fremjar rasjonell landbruksdrift og tek vare på heilskaplege løysingar for skogbruk og jordbruk, uavhengig av eigedomsgrenser. Dei miljømessige konsekvensane som bygging og bruk av vegen vil ha for naturmiljø, landskap, kulturminne og friluftsliv, vil òg bli vurderte. Skal du opparbeide oppstillingsplass eller ein enkel driftsveg som berre fører til små inngrep i terrenget, treng du ikkje godkjenning.

Målgruppe

Landbruksføretak

Kriterium/vilkår

  • Ved bygging av landbruksvegar med ei lengd på over 15 kilometer skal det liggje føre ei godkjend konsekvensutgreiing før det blir gjort vedtak
  • Avkøyringar frå offentleg veg og velteplassar som blir lagde inn til offentleg veg, skal på førehand vere godkjende av vegstyresmaktene

I samband med sjølve godkjenninga kan kommunen mellom anna setje vilkår for

  • linjeføring, teknisk utforming og miljømessig tilpassing av vegen
  • skogsdrift (for vegar til skogbruksføremål) dersom det er påkrevt for å ta vare på dokumenterte miljøverdiar

Vedtaket kan òg setje vilkår som avgrensar motorisert ferdsel på vegen, for eksempel å stengje vegen med bom.

Samarbeidspartnere

Fylkesmannen skal ha høve til å uttale seg før kommunen gjer eit vedtak. Det gjeld òg kulturminneforvaltninga i fylkeskommunen, Samisk Kulturminneråd og reindriftsagronomen når vegen kan ha noko å seie for interessene i fagområda deira.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Sjå plan- og bygningsloven §§ 33-3 og 77

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du sender ein skriftleg søknad til heradet. På førehand må du underrette dei som veganlegget får følgjer for, for eksempel naboar og rettshavarar. Opplys i søknaden om at dette er gjort. Gjer greie for dei driftsmessige og økonomiske fordelane du vil oppnå med tiltaket. Eventuelle alternative veitrasear bør òg komme fram.

Vedlegg

Kartdel som viser

  • planlagd veg og dekningsområde jamført med eksisterande vegar
  • planlagde massetak i samband med vegbygginga
  • lokaliseringa for alle kjende miljøverdiar i området
  • eksisterande bygningar

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Saksbehandlingstid

Heradet har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein ventar at vedtaket vil bli gjort.

Søknadsbehandling

Heradet gjer vedtak om å godkjenne vegutforminga og bygginga, set vilkår for godkjenninga eller nektar at heile eller delar av veganlegget blir bygd eller ombygd. Det blir sett ein frist for når tiltaket skal vere gjennomført. Dersom fristen ikkje blir overhalde, fell godkjenninga bort.

Moglegheit til klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen i heradet som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Heradet vil kunne gje deg rettleiing.

Klageinstans er fylkeslandbruksstyret. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom du ikkje får fullt medhald, vil saka gå vidare til fylkeslandbruksstyret.

Gjeldande lov - og regelverk

Forskrift om planlegging og godkjenning av vegar til landbruksføremål.