Landbrukseigedom - deling

Landbrukseigedom - deling

Generelt

Omtale

I utgangspunktet er det forbode å dele landbrukseigedommar. Føremålet med dette forbodet er å sikre at ressursgrunnlaget for driftseininga ikkje blir redusert. Ein eigedom som blir nytta eller kan nyttast til jordbruk eller skogbruk, kan berre delast etter samtykke frå kommunen. Når ein skal avgjere om samtykke skal gjevast, skal det m.a. takast omsyn til
  • om deling kan føre til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området
  • godkjende planar som finst for arealbruk etter plan- og bygningslova
  • kulturlandskapet
Det er viktig å merkje seg at sjølv om eitt eller fleire vilkår for deling er oppfylt, gjev ikkje det nokon automatisk rett til samtykke.

Målgruppe

Dei som har grunnboksheimel til landbrukseigedom, eller som ein trur kan vere den faktiske eigaren til eigedommen.

Kriterium/vilkår

Samtykke til deling kan gjevast dersom
  • samfunnsinteresser av stor vekt talar for det
  • deling er forsvarleg ut frå omsynet til den avkastninga eigedommen kan gje
I samband med eit samtykke til deling av landbrukseigedom kan det setjast vilkår som er nødvendige for å ivareta formålet i lova.

Pris for tenesta

Det er fastsett eit gebyr på kr 750,-.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Søknad om deling av landbrukseiendommen skal sendast til heradet. Søknaden må innehalde beskriving av eigedommen og plassering på arealet det blir søkt om deling av.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Saksbehandlingstid

Heradet har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein kan vente at vedtaket vil bli gjort.

Moglegheit til klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sendar du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Heradet vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er fylkeslandbruksstyret. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til fylkeslandbruksstyret.